Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Filmen om «Finnguten» – søndag 22. januar

Filmen om «Finnguten» – søndag 22. januar

Jon Olav Ørsal Fredag 13. januar 2012

Neste søndag (22.1. kl 15.00) er det klart for visning av filmen «Finnguten» i Todalen Ungdomshus. Det er Todalen Historielag som arrangerer ettermiddagskaffe denne søndags ettermiddagen, og som har fått Eistein Bæverfjord til å kome for å vise oss filmen. Finngutfilmen er resultatet av ein tur i Bæverdalsfjella saman med Tor Holten og Odd Trodal, i grenseland mot Hemne og Rindal, der det levde samar sist på 1800-talet. Diktet Finnguten av Jørgen Gravvold er sentralt i filmen, og det blir lufta fleire ubesvarte spørsmål i historia om den sjuke finnguten, som kom ned i Bæverdalen for meir enn hundre år sidan.

Det er som sagt Eistein Bæverfjord som har laga filmen, med god hjelp av lokal aktørar. Filmen har vore vist for fulle hus mange plassar, og har fått veldig positiv omtale i media.  Litt spesielt er det nok at to av “stjernene” i filmen er todalingar; nemleg Tor og May Elisabeth Holten, seier filmressissør Eistein Bæverfjord til todalen.no

Som ekstrafilm vil han ta med ein reportasje frå eit bad i kommunes pengebinge, saman med Jon Arne Nordvik og dei andre i Surnadal kommunes økonomiavdeling, avdelinga som også har eiga jordmor!

Elles blir det eit par smektande trekkspelduettar. Eistein har med seg instrumentet sitt, og han vil gjerne få dokumentert at han Jon Jostu’n er eit musikalsk naturtalent!

Det blir altså både filmar og litt tå kvart anna til ettermiddagskaffen i Ungdomshuset denne dagen. Sett av datoen!

Først publisert: 13. januar 2012, 08:00 - Sist oppdatert: 23. januar 2012, 23:32