Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Full klaff i si første turnering

Full klaff i si første turnering

Elinor Bolme Tysdag 17. januar 2012

Fotballsesongen er så smått kome i gang igjen på nyåret, men nokre har egentleg ikkje hatt nokon nevneverdig pause. I helga har Brage Hauglann Talgø frå Todalen og Ørjan Haugen frå Kvanne delteke på Slatlem cup i Kristiansund. Slatlem Cup er ein elitecup for dei beste G16 laga i heile fylket, pluss nokre frå trøndelag og arrangerast av CFK i Kristiansund. Hovudpremien var på heile 10000 kroner, og den fekk Ørjan og Brage vere med å vinne i si aller første turnering som sunndalsspelarar. Dei slo her motstandarar som Molde, Kristiansund og Verdal for å nemne nokre.

Gutane valgte i fjor haust etter endt sesong å melde overgang frå Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen til Sunndal for å satse eit steg viare på fotballen. Dette resulterer naturleg nok i litt meir kjøyring i følge far Bjørn Hauglann, men vi som foreldre stiller oss positive til ungdomane sine valg, seier han. Med 4 treningar for veka på Sunndal blir det mange timar i lag for karane, men den blir utnytta til blandt anna lekselesing og høyring av kvarandre, fortel Bjørn. Når det lir litt lengre mot vår, og Bordholmen viser seg frå si beste side er det lagt opp til at G16 Sunndal skal ha ein treningsleir her på denne sida av fjorden for å få sveisa saman laget enda meir, seier Bjørn.

Her finn du alle resultata frå Slatlem Cupen. Ellers skal Sunndal G16  på søndag måle krefter mot juniorlaget til Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen på kunstgrasbanen på Sande stadion. Motstandarane er då hakket eldre, men det treng kanskje ikkje bli noko hindring for G16 laget ut i frå sist helgs prestasjonar.

Publisert: 17. januar 2012, 22:35