Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Døgnåpen Hals Oil igjen

Døgnåpen Hals Oil igjen

Elinor Bolme Torsdag 19. januar 2012

Då kan vi endeleg kunngjera at den nye betalingsløysinga på ICA Nær Todalen er installert. Todalen har sia september vore utan muligheit til å betala for bensin og diesel med kort i kortautomaten ute, men no er det berre å fylle bensin og diesel utanom ordinær åpningstid att, for dei som har behov for det.

-Sett på eit stort smilefjes!! sa dei to betjeningsdamene som held fortet der i dag då todalen.no så all snarast var innom for å høyra om alt var i rute.

 (Arkivfoto)

Handelsmannen sjølv er utanlands, men har allerede orientert oss her heime om at alle finesser fungerer som dei skal.

Publisert: 19. januar 2012, 21:01