Arkiv for mars, 2011

Side 1 av 612345»...Siste »

Full gjødselkjeller


I Austistua hos Olav Halle var gode råd dyre når gjødselkjellaren gikk full ein månad før våronna kunne starte, og ordnær møkkakjøring kunne ta til. Redninga vart å kjøre ca 100 m3 til Bruset der gjødselkjellaren står tom i år. Olav fortel at det i hans besetning blir rundt 7-800 m3 med møkk i løpet av vinteren, og han reknar med at ca 100 m3 må kjørast ut no, for at det skal halde fram til våronna tek til i månadsskiftet mai/juni.

Endeleg vêromslag…


Endeleg kika sola fram og det vart ein strålande dag, med sol frå blå himmel og litt varme i lufta. Har inntrykk av at alle er lut lei vinteren no. Den har vart i over 5 månader sidan første snøen kom, og det er på tida at vi får litt føling med våren etter kvart. Værmeldingane på yr.no seier at det blir opphald eit par dagar til, før det igjen kjem ein nedbørsperiode som går frå førstkomande laurdag og fram mot neste helg med temperaturar mellom 8-10 grader på dagtid. Men da kjem nedbøren som regn.

Litt polarhistorie


Da redaksjonen fekk e-posthelsing frå Lars Stensby om at han var på Svalbard, fekk han umiddelbart svar og beskjed om å ta bilde av den gamle kyrkjeklokka i Longyearbyen. Den har nemleg ei historie med lokal preg, noko som ikkje så mange kjenner til? Ein nordvikgarding var nemleg delaktig i arbeidet med den første kyrkjeklokka som var i bruk i Longyearbyen, nemleg klokkestøyparen Ola T. Polden frå Åsbøhagen på Nordvik.

Mykje nedbør registrert


Erik Kårvatn ved målestasjonen for Norsk institutt for luftforskning (NILU) på Kårvatn fortel i dag at det har vore rekord i nedbørsmengden den siste perioden. Frå den 21. til den 28. mars vart det registrert 100 mm nedbør. Noko som i følge han er lenge sia sist. Snødybda er no oppe i heile 145 cm.

Skrult – ei musikalsk oppleving


Vi minner om konserten med Skrult i Todalen Kyrkje i kveld kl 19.00. Bandet Skrult er frå Ålvundfjord, og denne konserten er ein del av jubileumsprogrammet til til kyrkja. Under finn du også ein smakebit frå gruppa.

Tap for gjestane


 I helga som var hadde Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal besøk av trønderlaget Utleira for spel av treningskampar. Dette var eit lag dei stifta bekjenntskap etter cupspel før jula i fjor. Gjestane måtte sjå seg slått av begge heimelaga, men hadde eit bra opphold for det i følge rapportane. Her kan du lese heile saka på IL [...]

Reisebrev fra Svalbard


Lars Stensby arbeider som overingeniør innen Drift og Vedlikehold for MainTech AS i Trondheim. Arbeidet bringer han rundt om kring for å hjelpe kunder i nord og sør. Denne gangen har han vært på Svalbard og har sendt oss noen ord om hvordan han opplevde Spitsbergen

Todalen i A-magasinet – 1981


I april 1981 (For 30 år sia) var det store oppslag om livet i Todalen den gongen. Da var Berit Vikdal og Geir Arnesen i Todalen for A-Magasinet (bilag til Aftenposten) for å ta pulsen på todalingane, og dei bruka heile 5 sider i A-Magasinet for å presentere resultatet. Todalen.no har fått låne denne utgåva av magasinet [...]

Årets bilde – litt forsinka


Laurdag fekk Kjetil Sogge, litt forsinka, overrekt premien for “Årets Bilde 2010″. Han fekk ein innrama versjon av vinnarbiletet “Frostrøyk” som premie. “Frostrøyk” vart ein suveren vinnar i sluttfinalen, men det var like vel mange sterke konkurrentar i konkurransen. Vi gratulerer vinnaren Kjetil Sogge.

Jo Kåre tok sølvmedalje i VM


Jo Kåre Torvik (50) (Høyem) er fersk sølvmedaljevinnar i Veteran-VM i hopp. For eit par veker sia var han i Harrachov i Tsjekkia, og han kom som sagt heim med ei sølvmedalje og ein 8.-plass. Han deltok i 40- og 70-metersbakken, fortel nettstaden Nabonytt.no i Buvika der han bor i dag.

Sommartid – still klokka i natt!


Frå i natt er det endeleg sommartid. Da stiller du klokka ein time fram, frå kl 02 til kl 03. Natta blir altså ein time kortare enn vanleg. Er du i tvil om klokka skal stilles att eller fram så er regelen enkel: Du stiller alltid klokka mot sommaren, altså fram om våren og attover [...]

Sildball-dag på Nordvik


Laurdag var det silballdag i forsamlingshuset på Nordvik, og nordvikgardingane gikk “mann av huse” for å være med på dette kulinariske måltidet. Og det var laga ei skikkeleg “ballfole” denne gongen, for på fjorårets balldag gikk grytene tomme før alle hadde fått forsynt seg. Men i år vart det nok, og underteikna kan bekrefte at [...]

Medlemmar

Studio Saksen
Svorka
Start 4H
AMFI Surnadal
Talgø Møbelfabrikk AS
Trollheimsporten
Todalen Elveeigarlag
Todalshytta
Todalen Historielag
Todalen Bondelag
Indre Nordm�re Forsvarsforening
Gjensidige Surnadal
IL S�ya
Surnadal Sparebank
Sparebank1 Midt-Norge
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Kombi Regnskap
Norsk Laksefestival
Viastua Gardsprodukt
Surnadal Pensjonistlag
Rossåa Settefiskanlegg
Søya og Todalen Skytterlag
Kårvatn Fjellutstyr
AMFI Kreativ
Todalen Småbåtforening
Todalen Sokneråd
Surnadal Regnskap AS
Nordvik Grendalag
Stangvik Historielag
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Skogkompaniet
Eldremiddagen
Todalen Brygge
Surnadal Kommune
ICA Todalen
Stangvikfestivalen
Surnadal Kulturhus
Skulstuå i Todalen
Todalen Sanitetsforening
Todalen Idrettslag
Driva

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag - UTSETT
    • Søn 26. mai: Sykkeltrim
    • Man 27. mai: Knøttetrening
    • Ons 29. mai: Søppeldag
    • Tor 30. mai: Lagseriestemne
    • Lør 1. juni: Planteloppemarked
    • Søn 2. juni: Gudsteneste
    • Søn 2. juni: Sykkeltrim
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør