Arkiv for august, 2010

Side 1 av 612345»...Siste »

Årsmøte i Halsesamlinga


Onsdag 8. september kl 19.30 held Halsesamlinga almannamøte i Gammelskulen. Samtidig er det også høve til å sjå seg rundt i Halsesamlinga, og det blir enkel traktering på møtet. Alle todalingar har møterett til almannamøtet, som følgjande saker på saklista:

Medlemsmøte i Saniteten


Tysdag 7. september startar Todalen Sanitetsforening på igjen med medlemsmøte. Det skjer i Sanitetshuset og startar kl 19.30, og dei ønskjer både nye og gamle medlemar velkomne. Foreninga har fått mange nye medlemar dei siste åra, men det er plass til enda fleire, seier sekretær May Elisabeth Holten til Todalen.no

Er du klar….


…for jaktsesongen? , spør Surnadal velværesenter. Todalen.no har fÃ¥tt spørsmÃ¥l om ikkje vi kan hjelpe til med Ã¥ utfordre jaktlaga i Todalen til Ã¥ bli mest mogleg i form til jakta. Velværesenteret har difor lagt opp til at interesserte jegarar kan konkurrere jaktlaga i mellom.

Familiedag for store og små sist laurdag


For dei vaksne var det nok vandringa med Jon Bojer Godal som fanga størst interesse, medan dei små var mest interessert i dei 7 lamaene som gikk på beite nedmed naustet i Svinvika. Det var Todalen historielag i samarbeid med Stangvik historielag som arrangerte familiedagen i Svinvika, og Jon Bojer Godal ga oss ei interessant inføring i gamle byggeskikkar på vandringa mellom dei gamle husa i Svinvika. Det er i dag 25 hus som høyrer til garden, og mange av dei er riktig gamle.

Den 3. Trollheimsmarsjen vel i hamn.


Dei ivrigaste starta allereie i halv 9-tida, men det var eit jamnt tilsig vidare utover formiddagen. Leiar i trimgruppa Jostein Bruset kunne beretta om god deltagelse, betre enn i fjor. 130 personar frå 1 år og oppover tok søndag turen frå Bordholmen, over Vardane til målgang på Leikvoll. Og det med vergudane på si side vart det så og seie blå himmel etter at skodda til slutt letta.

Stavganggruppa på Storhaugen


Frå Randi og Vidar Sogge har vi fått bilde frå Stavganggruppas tur til Storhaugen torsdag. Dei starta frå lunningsplassen oppi Brusetbotnå og gikk opp etter skogsvegen som går opp til Skarsmyra, og vidare utover igjen til trimposten på Storhaugen. Derifrå er det ein flott utsikt utover Todalen, og den var det mange som vart imponert over. På Storhaugen vart det fotografering, og sjølvsagt tid for å nyte niste og ein kaffedråpe frå termosen. Nedatt gikk turen etter turstien som kjem ned like ovafor lunningsplassen.

Lagseriestemna starta på igjen


Torsdag kveld var første omgang med lagseriestemne etter sommarferien. Det var bra oppmøte, og Frode grønmyr har sendt oss bilde fra aktivitetane pÃ¥ Bordholmen denne kvelden. Han vil at fleire skal nytte høvet til Ã¥ ta idrettsmerket no, da dei skal ha lagseriestemne kvar torsdag fram til 23. september. Han skriv: “Torsdag starta lagseriestemne opp att etter sommarferien. Denne kvelden var det til saman 13 som deltok. Det blir fire gongar til i Ã¥r, og siste gong blir 23. september. Da blir det utdeling av premie til alle som har vore med.

Vêret i gamle dagar…


Det blir sagt at alle snakkar om vêret, men at ingen gjer noko med det…! PÃ¥ baksida av eit avisutklipp frÃ¥ 26. august 1955 som Ragna Kvendset har sendt oss, fann ho ein bit av ein artikken om nokon som hadde tenkt Ã¥ gjera noko med det. Da var orkanen “Edith” pÃ¥ veg mot land, og sjefen for den amerikanske vêrvarslinga vurderte om han skulle slippe ei atombombe midt i stormsentret som ei muleg løysing.

Todalen.no er eit år!


24. august 2009 blei første innlegg lagt ut på Todalen.no, altså for eit år sidan. Her finn du litt informasjon om kor mange saker og besøkande sida har hatt gjennom det første året.

Bli med på Trollheimsmarsjen søndag


Dei siste dagane har alle i Todalen, Nordvik og Kvanne fått flygeblad med invitasjon til Trollheimsmarsjen i postkassen. Ein liknande PR-aksjon har foregått på Ålvundeidet og Sunndalsøra. På flygebladet finn ein all informasjon om marsjen og opplegget rundt arrangementet. Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august frå kl 8.30 til 11 går starten frå Bordholmen i Todalen.

Fritidsklubb i gang!


Onsdagskveld la 4H det første grunnlaget for den nye fritidsklubben som er planlagt på Bordholmen. Som kjent har 4H eit biljardbord som i mange år har stått bortgøymt. I går kveld vart det teke fram og tørka for støv og står nå klart på Bordholmen.

Bra vêr til Trollheimsmarsjen


Det har vore knytta spenning til vêrmeldingane for søndagens Trollheimsmarsj. I skrivande stund ser dette lovande ut, med solgløtt og 14 varmegrader utpå ettermiddagen på nettsida til Meteorologisk institutt. Med søraustleg vindretning på 2-3 meter i sekundet vert det nok bra tilhøve for turen over fjellet. Du kan halde eit auge med vêrmeldingane for Vardan ved å klikke [...]

Medlemmar

Godt mot, Todalen
Svorka
Nordvik Grendalag
Todalen Sanitetsforening
Vårsøg Hotell
Skulstuå i Todalen
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Todalen Småbåtforening
Surnadal Lastebil Verksted AS
Start 4H
Surnadal Sparebank
Eldremiddagen
IL Søya
Norsk Vandrefestival
Rossåa Settefiskanlegg
AMFI Kreativ
Surnadal Pensjonistlag
Norsk Laksefestival
Surnadal Velværesenter
Skogkompaniet
Gjensidige Surnadal
Todalshytta
Driva
Todalen Idrettslag
Todalen Brygge
Kårvatn Fjellutstyr
Surnadal Kulturhus
Surnadal Kommune
Todalen Sokneråd
Todalen Historielag
Todalen Bondelag
Søya og Todalen Skytterlag
AMFI Surnadal
Indre Nordmøre Forsvarsforening
Sparebank1 Midt-Norge
Kombi Regnskap
Talgø Møbelfabrikk AS
ICA Todalen
Surnadal Regnskap AS
MPs hjemmebakeri
Trollheimsporten
Todalen Elveeigarlag
Viastua Gardsprodukt

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Tir 7. februar: Ã…rsmøte i Todalen Sanitetsforening
    • Ons 8. februar: Søppeldag
    • Tor 9. februar: Barn i løypa/Skitrim
    • Tor 9. februar: Dametrim
    • Ons 15. februar: Russerevy \"Dommens time\"
    • Tor 16. februar: Barn i løypa/Skitrim
    • Tor 16. februar: Russerevy \"Dommens time\"
    • Tor 16. februar: Dametrim
    • Fre 17. februar: Russerevy \"Dommens time\"
    • Lør 18. februar: Russerevy \"Dommens time\"
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør