Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Familiedag for store og små sist laurdag

Familiedag for store og små sist laurdag

Jon Olav Ørsal Måndag 30. august 2010

For dei vaksne var det nok vandringa med Jon Bojer Godal som fanga størst interesse, medan dei små var mest interessert i dei 7 lamaene som gikk på beite nedmed naustet i Svinvika. Det var Todalen historielag i samarbeid med Stangvik historielag som arrangerte familiedagen i Svinvika, og Jon Bojer Godal ga oss ei interessant inføring i gamle byggeskikkar på vandringa mellom dei gamle husa i Svinvika. Det er i dag 25 hus som høyrer til garden, og mange av dei er riktig  gamle.

Stabburet på garden har for eksempel ei histoie attende til 1600-talet, og det mente Bojer Godal stemte bra med byggemåten som er nytta på stabburet. Runden med Bojer gikk vidare til kornløe, smie, jordkjellar, naust, kvernhus, og sagbruk. Felles for alle dei gamle husa på garden er at dei er godt teke vare på og restaureringsarbeidet som har vore gjort gjennom tide er utført med fagleg dyktigheit.

Vi fekk også demonstrert ein gammal motor som i gamle dager vart bruka til å drive trøskeverket og sagbruket på garden. Det var ein gammal Øveråsmotor frå starten av 1900-talet, som framleis er intakt. Svein Åge Saksen ga oss eit historisk innblikk historia til Øverås Motorfabrikk, og var maskinist under prøvekkjøringa av motoren.

Og sjølvsagt var det kaffeservering med nystekte kanelsnurrar og høve både å ta mange slags gamle reiskap og utstyr i nærare øyesyn under familiedagen. Til saman var det eit femtitals store og små som nytta høvet til å ta ein ettermiddagstur til Svinvika, der Gunn Tove og Sven Olav Svinvik var vertskap.

Først publisert: 30. august 2010, 19:00 - Sist oppdatert: 17. november 2010, 10:28