Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavganggruppa på Storhaugen

Stavganggruppa på Storhaugen

Jon Olav Ørsal Fredag 27. august 2010

Frå Randi og Vidar Sogge har vi fått bilde frå Stavganggruppas tur til Storhaugen torsdag. Dei starta frå lunningsplassen oppi Brusetbotnå og gikk opp etter skogsvegen som går opp til Skarsmyra, og vidare utover igjen til trimposten på Storhaugen. Derifrå er det ein flott utsikt utover Todalen, og den var det mange som vart imponert over. På Storhaugen vart det fotografering, og sjølvsagt tid for å nyte niste og ein kaffedråpe frå termosen. Nedatt gikk turen etter turstien som kjem ned like ovafor lunningsplassen.

Det var 17 spreke pensjonistar som var med på turen til Storhaugen, men vanlegvis er det 30-40 deltakarar på Stavganggruppas turar. Dei legg ut på nye turar kvar torsdag, og held det gåande to månader om forsommaren og to månader om ettersommaren og hausten. Vanlegvis er turane lagt opp slik at dei varer omlag 2 timar eller der omkring. Turane blir spredd til nye turmål rundt heile kommunen. Desse turane gir god trim, men det viktigaste er nok den sosiale kontakten.

På biletet ser vi frå venstre: Brit Nordvik, Ellen Marie Monstad, Bjørg Bruset, Olina Halle, Jorunn Ness, Anne Moe, Olav Ranes, Lars Magnar Bævre, Arne Holten, Jarle Aarnes, Per Bruset, Lisbet Ranes, Tor Mogstad, Sigmund Sæther, Sigrun Ørsal og Ottar Halle.  Randi Sogge var fotograf.

Publisert: 27. august 2010, 21:27