Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7227 artiklar i dette arkivet.


Vellukka NorgesCup på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. februar 2024

Det var friskt både i gardstunet på Kårvatn og oppå Dalalia frå morgonen av i dag.  Men etter kvart som sola fikk litt grep så vart det meir skapeleg temperatur sjølv med litt vind.  29 ivrige randonee-entusiaster stilte på startstreken og tok ett kvart sats oppover Dalalia.  For seniorane gikk løypa opp mot toppen av Tydalsnebba, medan dei andre klassane fikk nøye seg med toppane «907» og «1040».


Kårvatn Skimo – heimesiger i sprinten

Jon Olav Ørsal Fredag 9. februar 2024

Det var kanskje ikkje så uventa at dei tre løparane som er på randonée-landslaget hamna på sigerspallen, men spenning var det likevel under kveldens sprint i Sæterlia, der første øving i Kårvatn Skimo vart avvikla. 16 deltakarar gjorde at det vart eit forholdsvis oversiktleg arrangement.


Sprint arrangeres i Surnadal alpinanlegg fredag kveld – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 9. februar 2024

Fredag kveld  starter Kårvatn Skimo med start kl 18:00 i Surnadal alpinanlegg, Sæterlia, der sprint er første aktivitet i Kårvatn Skimo 2024.  Her er det start kl 18:00, med prolog og kvalifisering, og fortsett forløpande med heat og til slutt finale.  I skrivande stund er det 16 påmeldte, men det kan enno bli fleire. 


Balldag komande tysdag den 13.

Jon Olav Ørsal Fredag 9. februar 2024

Tysdag 13 . februar er det atter moglegheit for servering av ball på Todalshytta.  Som vanleg serveres det både potetball og sildball i tidsrommet 15:00 til 18:00.   Bestill gjerne på SMS 929 97 550.


Klart for Kårvatn Skimo i helga

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. februar 2024

Da påmeldingsfristen gikk ut onsdag kveld kl 23:59 var det klart at det var nok påmeldte til at Kårvatn Skimo  køyrer på som planlagt med renn både fredag, laurdag og søndag.  Det vlir start fredag kveld, og det sker i Surnadal Alpinsenter  i Sæterlia, der det blir arrangert sprint, fortel Nils Ove Bruset hos arrangørklubben Trollheimen fjellsportklubb.


Men mat skarrem ha!

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. februar 2024

I dag viste gradstokken 16-18 grader på morgonkvisten – kanskje har det vore enda kaldare i løpet av natta.  Kaldt var det nok for hjortane på Ørsalhøgda som inntok frokosten i form av frosne siloballar.  Det var hol på fleire ballar, så dei har nok vore fleire til frokost enn dei tre på biletet.


Kårvatn Skimo 2024 – årets store randonee-helg 9.- 11. februar

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. februar 2024

Årets randonee-helg er nummer 12 i rekkja og nytt i år er at arrangementet går over tre dagar – startar med sprint som blir arrangert i Sæterlia i Surnadal, medan individuell og vertikal blir arrangert i Dalalia slik som før.  Nettsida er forlengst opna for påmelding til arrangementet og her vil det være mulig å melde seg på fram til onsdag kveld den 7. februar kl 23.59.  Det rapporteres om fine forhold i fjellet, og sinast i skrivande stund måndag ettermiddag er det påfyll med meir snø – i helga har det vore pudderføre i Dalalia så her er det berre å gle seg til konkurransen. Arrangør er Trollheimen Fjellsportklubb.  


Ny næringslivsdag er på gang

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. februar 2024

Med Sparebank1 Nordmøre som arrangør er det klart for Næringslivsdagen 2023. Det skjer onsdag 30. mars, og banken oppfordrar både firma og privatpersonar til å delta på Næringslivsdagen i Surnadal.  -Vi held på og kjem i mål med programmet, og har mykje interessant å by på denne dagen, seier banksjef Allan Troelsen i Sparebank1 Nordmøre. Han fortel at det har vore jobba llenge i banken for å få til eit bra og interessant program som fenger skikkeleg. 


6. februar er samefolkets dag

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. februar 2024

Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv nettsida wikipedia.org om temaet.  På nettsida morsmål.no […]


Døpt i dag: Her ser du Ebba

Jon Olav Ørsal Sundag 4. februar 2024

I går var det ein stor dag med selebert besøk av både preses, biskop og prost i Todalskyrkja, men for lille Ebba med etternamn Ansnes var nok dagen i dag enda større.  Under søndagens gudsteneste vart ho båret til dåpen i kyrkja, og fekk altså namnet Ebba.  Søndag var det ordinær gudsteneste i kyrkja, og dåpshandlinga var altså ein del av gudstenesta på same måten som nattverden var det. 


Vind opp mot 30 m/sek – tuntre overende på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 4. februar 2024

Utover ettermiddagen var det skikkelege vindrosser som gikk oppover bygda – faktisk var målingane tett opp mot orkan i kasta.  Kristen Bruset har ein målestasjon som også måler vind, og laurdag ettermiddag var det målt 30 m/sek i Brusetnesset.  Det vart i meste laget for eit av dei store tuntrea på Todalshytta, og dermed bar det overende med det store treet.


Kald vind og nedbør – men ikkje ekstremvêr

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. februar 2024

Det har vore meldt mykje vêr og ekstremvêr i fleire dagar no, men det er nok utmed kysten og nordover i landet dei har fått mest møling med både full storm og orkan i kasta. Fredag var det nok mykje regn, men sjølv om Toåa og andre elvar voks opp, så har det ikkje vore flaum.  Størst var no Toåa i 4-tida i natt, og i løpet av natta har det nok vore ein del isgang, men ikkje noko skade.