Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte med innslag om «Gullkongen» og amerikabreva

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mars 2024

Torsdag kveld var det tid for oppsummering av gammelåret i Stangvik historielag. Det har vore bra aktivitet gjennom 2023, og møteleiar Einar Grønnes losa oss greit og effektivt gjennom årsmøtesakene som stod på agendaen. Både årsmelding og årsrekneskap var gjennomgått og vart kort og godt einstemmig vedteke utan nokon form for debatt og knappast ein einaste kommentar.

leiar i Stangvik historielag Einar Grønnes med årsskriftet for 2023. Einar har vore leiar i laget sia starten i 2007. Foto Jon Olav Ørsal

Under post val vart det også einstemmig – valkomiteen hadde gjort ein god jobb og fått med dei alle fleste på gjenval til ein ny periode.  Kontingenten går også vidare med same pris som i fjor – enkeltmedlem kr 150,- og familiemedlemskap kr 200,-  Dermed gikk budsjettet for 2024 saman med ei omsetning på 54.500 og eit lite overskot på 2.500,- .  Litt debatt og nye forslag kom på banen da aktivitetane for 2024 vart diskutert – her vil det nok bli jobba vidare både med styrets forslag og med forlag frå årsmøtet som vart unnagjort på rekordtid. 

Nokre av møtelyden på årsmøtet til Stangvik historielag. Foto Jon Olav Ørsal

Amerikabrev – med Svein Sæter
Etter årsmøtet heldt Svein Sæter eit interessant kåseri.  Kåseriet var basert på amerikabreva som «gullkongen» Fredrik Bruset og hans familie utveksla innan familien og med andre på slutten av 1800-talet.  Det var mange både frå Stangvika og andre plassar som reiste over til Amerika på den tida – både til USA, Canada og sågar Alaska. Det var vel kanskje både eventyrlys og naud som gjorde at mange reiste «over there» for å søke lykken. 

Kåseriet til Svein var basert på amerikabreva til gullkongen og andre i Stangvika. Foto Jon Olav Ørsal

Svein Sæter klarte å formidle historia om gullfeberen og klondyke-stemninga på ein framifrå måte som gjorde at både publikum og kåsøren var rive med i iveren.  Fredrik Bruset var på rette plass til rette tid, og gjorde storfangt med verdiar i 100-millionklassen.  Skjønner at det var stemning i leiren da han på ein dag solgte 118,6 kg gull.  Det er heller ikkje rart at Svein er over gjennomsnittet interessert, ettersom bestefaren han frå Øksendalen var gullgravarane der.  

Publisert: 1. mars 2024, 06:00