Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7203 artiklar i dette arkivet.


Ein smak av vår…

Ein smak av vår…

Jon Olav Ørsal Sundag 20. mars 2011

I helga har det vore ein liten smak av vår i Todalen. Blå himmel og sol på laurdag og slett ikkje dårleg vær søndag heller, med opptil 10 grader. På ein liten spasertur som gikk «litj-rundt», trefte vi nokre som var ute i same ærend og som håpa at det snart er tid for meir vårvær.

Les heile saka

Spreking med på Birken

Spreking med på Birken

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. mars 2011

Johan Kvendset er einaste deltakar i Birkebeinerrennet frå Todalen I.L. i år. Løpet går frå Rena til Birkebeineren stadion i Lillehammer, og er på 54 km i klassisk stil. Ein går med sekk på minst 3,5 kg gjennom heile løpet. Deltakarantalet er rundt 16000, og altså Johan Kvendset som einaste todaling. Han kom i mål på tida 4.41.26, som var god margin for å klare merket, og vart nr 10 i klasse M75 (75-79 år).

Les heile saka

Kafékonsert i Nordvik grendahus

Kafékonsert i Nordvik grendahus

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mars 2011

Onsdag 23. mars kl 19.30 blir det «Kafekonsert» med Tordenskjold  i Nordvik grendahus. Det er gratis inngang og salg av kaffe og mat. Loddsalg er det også. Nokre gjesteinnslag vil det også kome fra scena, kanskje noko gammelt revystoff, skriv Lars Husby i ei melding til Todalen.no.


Fotstell med vinkelsliper

Fotstell med vinkelsliper

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mars 2011

Det er ikkje berre i Sanitetshuset det foregår fotpleie. Det er nødvendig å pynte på klauvene til kyrne også, og det behovet har forsteka seg etter at det vart pålegg om å bruke gummimatter i båsane, fortel Frode Grønmyr hos Todalen Samdrift. Gummimattene gir mindre slitasje på klauvene, og klauvene må skjerast ned for å sikre god beistilling […]

Les heile saka

Energinettverk for straumsparing

Energinettverk for straumsparing

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mars 2011

Energinettverket Svorka hadde si første storsamling i Kammerset (kinosalen) på kulturhuset onsdag, der temaet var framtidige løyingar for belysning og forbrenningsteknikk. Energinettverket er eit samarbeidsprosjekt mellom åtte bedrifter på «indre», der dei tre Talgøbedriftene MøreTre, T-Komponent og Talgø Møbelfabrikk er med. Formålet med dette samarbeidsprosjektet er å spare straum, og dei har sett seg shøge mål: Dei skal tilsaman spare 5 mill kWh pr år gjennom meir fornuftig bruk av energi.

Les heile saka

Salg på «butikken på låven»

Salg på «butikken på låven»

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. mars 2011

Snart er det vår og tid for hamskifte. Butikken på låven, Kårvatn Fjellutstyr, ryddar lageret for store mengder ski- og vinterklær av merka Sweet, Houdini, Husky og Arc’teryx og gjer plass til vår og sommarvarene. Ein mengde junior- og dameski og mykje anna skal ut. Laurdag 19. mars (10-16) startar dei salget, og dei lovar høge prosenttal på salsplakatane sine.

Les heile saka

Bra deltaking på årsmøtet

Bra deltaking på årsmøtet

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. mars 2011

Tysdag kveld var det årsmøte i Todalen.no i ungdomshuset. Dette var det første ordinære årsmøtet i laget, og nærare 20 frammøtte representantar for lag og foreningar i bygda møtte opp. Årsmøteskane var fort unnagjort og første driftsår kom laget ut med eit bra resultat, da kostnadane har vor halde i sjakk gjennom eit nøkternt forbruk av ressurser, og mykje av arbeidet har vore dugnadsinnsats.

Les heile saka

Har du gamle kyrkjebilde?

Har du gamle kyrkjebilde?

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. mars 2011

Historielaget arbeider med eit jubileumsskrift for Todalen kyrkje som fyller 150 år i 2011. Det er interessert i alle bilder frå kyrkja og kyrkjelivet for bruk i jubileumsskriftet. Har du gamle bilde, så ber dei om at du tek kontakt med Ingri Bruset tlf 913 38 038 eller Ragnhild Ansnes Moe tlf 922 02 656 […]


Slutt på ”Barn i løypa” for i år

Jon Olav Ørsal Måndag 14. mars 2011

I ein e-post frå Skigruppa til Todalen.no står det:  «Det minkar både på skiføret og oppmøtet i lysløypa, så skigruppa har bestemt seg for å avslutte barn i løypa for denne gongen. Det har vore ”barn i løypa” sju gonger denne vinteren og 43 barn har vore med. Vi oppfordrar likevel ikkje til å sette bort […]


Dreg til Grand Canyon

Dreg til Grand Canyon

Jon Olav Ørsal Sundag 13. mars 2011

Jan Vidar Øyen går i vinter på Sogndal Folkehøgskule. I heile vinter er det friluftsliv som har vore den viktigaste posten på timeplana, og saman med dei tretti elevane på friluftslina har det vore både teori og praksis meir eller mindre på heltid. Og det passar godt for Jan Vidar, for han likar seg godt […]

Les heile saka

Nordvikstranda i 1963

Nordvikstranda i 1963

Jon Olav Ørsal Fredag 11. mars 2011

Her viser vi ein unik bildeserie med flyfoto fra Nordvikstranda. Det er flyfoto fra 1963, da både Nordvik og Todalen var fotografert frå lufta. Studer bilda så vil du nok sjå at det er mykje som er forandra på 48 år. Det er kome nye hus, og gamle hus er borte, medan nytt boligfelt er kome og vegtraseen gjennom Nordvikgarden er endra og retta opp. Tilsaman er det 17 bilde som ligg i serien som du kan sjå i galleriet nedafor.

Les heile saka

Vellukka årsmøte i historielaget

Vellukka årsmøte i historielaget

Jon Olav Ørsal Fredag 11. mars 2011

Todalen historielag samla eit trettitals medlemar til årsmøtet i ungdomshuset torsdag kveld. Styret fekk applaus for årsmeldinga som la for dagen eit aktivt år i 2010. Laget har 171 betalande medlemar, og det dokumenterer vel stor interesse for bygdehistoria når det er rundt 330 innbyggjarar i bygda. Gjennom året har det vore mange arrangement og det er gjeve ut årsskrift som kom på seinhausten.

Les heile saka