Pubkveld på Pakkhuset
Pakkhuset Kro på Todalsøra minner om at det er open pub i kveld, og ønsker alle velkomne frå kl 21 og utover.
Vi fann 7204 artiklar i dette arkivet.
Pakkhuset Kro på Todalsøra minner om at det er open pub i kveld, og ønsker alle velkomne frå kl 21 og utover.
Tor Kvande og Torbjørn Larsen var tysdag på tur til Snøfjellet og Skjerdigfjellet. Dei hadde med kamera, og frå Tor Kvande har vi fått e-post og fine bilder. Bilda er lagt ut i eit lite galleri nedarfor. Tor Kvande skriv i e-posten: «Tur opp via Tårnet til Snøfjellet og heimat langs ryggen på Skjerdingfjellet. Sender bilder frå ein fin tur gjennom tåkehatt og opp på fjell i hjertet av Norge.»
Les heile sakaEtter tap i gårdagens kamper går begge laga ut av sluttspillet, skriver Knut Haugen på I.L. Søyas hjemmeside. «G16 tapte onsdag 1/64-finalen (A-sluttspill) mot Bjørndal IF på straffesparkkonkurranse, etter at det fortsatt stod 0-0 etter ekstraomganger. Og onsdag kveld møtte G14 bergenslaget Nordre Fjell 1/16-finale i B-sluttspillet. Kampen endte med tap 1-3, men våre gutter gjorde en kjempekamp med heroisk innsats mot eldre, fysisk sterke og store bergensere.»
Les heile sakaTysdag kveld treffer vi kjentfolk i programmet «Sommeråpent» på NRK1. Da er nemleg Torstein Snekvik gjest i programmet, som er direktesendt frå Operataket i Oslo. Programmet startar kl 21.30 og som sagt på NRK1.
T.I.L. trimgruppa minner om sykkeltrimmen onsdag kveld. Oppmøte på Bordholmen og start mellom kl 18 og 20. Kiosksalg med kaffe, bakels og forfriskningar.
Måndag gikk turen frå Todalen med Aursjøvegen som reisemål, via Sunndalsøra og oppover Litjdalen. Etter å ha betalt 70 kr i bompengar i Litjdalen bar det oppover dalen til vi etter ei stund forsvann i skodda. Vi kom ut av skoddeheimen like nedafor Holbudammen, og derfrå var det sol og fint sommarvêr med 17-18 varmegrader. Ved Holbudammen var det vedlikehaldsarbeid i gang på damanlegget og derfrå og ned til kraftstasjonen på Sjølseng går vatnet i tunell.
Les heile sakaIngrid Bergå saknar sykkelen sin etter pubkvelden for 2 veker sia. Det er ein plommefarga damesykkel som stod i garasjen, og som kom bort i løpet av natt til søndag. mest sannsynleg trur ho det er ein pubgjest på veg heim som er syndaren, men tykkjer det er utruleg frekt å gå inn i garasjen til folk for å ta seg ein sykkel.
Les heile sakaDet var ikkje uventa at Drøpping gikk til topps i Nordmarkstråkket, men det var spenning heilt til mål da Kjetil Bolme, Are Siljan Børset, Arne Reiten og Benny Øverli utgjorde tetgruppa i sykkelrittet. Det var 98 syklistar som stilte til start i konkurranseklassen, og i tillegg var det mange trimmarar som tok turen over marka. Det var fint sykkelvêr, med overskya og høveleg temperatur. Det var det nok mange som sette pris på i bratta opp frå Dalsegg og opp på Nordmarka.
Les heile sakaSøya og Todalen skyttarlag avlyste oppskytinga sist måndag på grunn av den grusame handlinga i Oslo og på Utøya siste veke. Neste veke vert det imidlertid to skytekveldar, måndag (1.8) og onsdag (3.8), med same tid 18-20 begge kveldane. Ledar i skyttarlaget, John Moe, fortel at dei no er i full gang med oppskytinga og […]
Laurdag (30.7.) blir det ferske reker på Pakkhuset, fortel Synnøve Helland på telefon til Todalen.no. Eller kanskje du heller vil ha speketallerken med Synnøves potetsalat til? Valget er ditt! Serveringa startar frå kl 21 og utover. Ta turen til Todalsøra og Pakkhuset til ein triveleg krokveld!
Todalen samdrift starta andreslåtten i dag. Det gjelder å nytte finvêret sier Ståle Ansnes som er ein av drivarane ved samdrifta. Han fortel at graset er kome langt nok, men at avlinga er berre «midt i laget». Yr.no melder bra vêr til og med laurdag, men i neste veke er det meir utrygt.
Les heile sakaSøndag 31. juli er alle velkomne til museumssøndag på Åsen Bygdemuseum. Denne gongen er det Åsens Venner, museet sitt venelag, som står for arrangementet. Klokka 13 vil det bli ei orientering om venelagets arbeid med utmarksløa som vart teke ned frå si opprinnelege plassering ved Grytvatnet og sett opp igjen nord for museumstunet i 2008. Det vert ei samling på museet før ein i samla flokk går og ser på løa. Vegstrekninga frå museet til løa er levningar av Den Trondhjemske Postveg som vart etablert i 1787, denne skal ha gått gjennom tunet på Åsen. Ellest kan du vere med på natursti, sjå deg om i utstillingane, og ha ei triveleg stund med kaffe og bakels.
Les heile saka