Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 6655 artiklar i dette arkivet.


Næringslivsdag tysdag 18. januar

Næringslivsdag tysdag 18. januar

Jon Olav Ørsal Måndag 3. januar 2011

Tysdag 18. januar inviterer surnadal Sparebank til «Næringslivsdag» i kulturhuset. Dei har mykje å by på, og det kjem kjente størrelsar som Bjørn Kjos (Norwegian), Knut Jørgen Røed Ødegaard (kjent astrofysiker), Kitty Eide (Shell) og mange fleire. Ove Snurruås er konferansier.  Påmeldingsfristen er 15. januar. Sjå plakaten for påmelding


Reisebrev frå Kanada

Reisebrev frå Kanada

Jon Olav Ørsal Sundag 2. januar 2011

Brit Grønmyr er til dagleg naturvernledar i Rauma kommune, og har sitt virke på Åndalsnes. I haust har ho vore ein månad i Kanada, der ho har delteke i feltarbeid for Universitetet i Alberta. Vi har fått reisebrev frå Brit, der ho fortel litt om opphaldet i Kanada og den spennande jobben i Kanadas dype skoger. I tillegg har vi fått mange bilde som vi legg ut i galleriet nedafor. Her kan du lese reisebrevet:

Les heile saka

Snømannen Kalle

Snømannen Kalle

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. januar 2011

På årets siste dag nytta Kvennligutane god tilgang på lokale råvarer til å bygge ein stor og flott snømann; Kalle. Regnværet utover dagen sørgja for at det ikkje var noko langt liv for Kalle. Men meteorologane lovar meir snø, så det kan hende at Kalle får eit nytt liv etter kvart.  Dei helsar godt nyttår, og […]


No kjem mildværet

No kjem mildværet

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. desember 2010

Dersom værmeldinga stemmer vil vi oppleve at temperaturen stig over nullen for første gong på lenge. I løpet av kvelden slår det om og etter kvart meldes det om snø og seinare sludd og regn. Ein kan etter kvart rekne med at det blir litt dårlegare føre og glattare dei neste dagane, og sludd og […]


Rådyr påkjørt

Rådyr påkjørt

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. desember 2010

Ragnar Halle er ledar i viltnemnda i Surnadal kommune. I kveldinga 2. juledag fekk han telefon frå politiet om at det var meldt om eit rådyr som var påkjørt på Ansnesvegen i Todalen. Det var ein trafikkant som hadde observert rådyret i veggrøfta, og ved nærare ettersyn viste det seg at det hadde vore påkjøyrt og […]


Full trøkk på «Fær hæll i mot»

Full trøkk på «Fær hæll i mot»

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. desember 2010

Julekabareten «Fær hæll i mot» fylte Todalen ungdomshus til siste plass, da Todalen Idrettslag arrangerte årets julekabaret 3. juledag. To framsyningar måtte til for å skaffe plass til alle som ville få med seg julekabareten, der kveldsframsyninga nok må seiast å vera mest populær. Men tilsaman var kabareten vist til nærare 250 publikumarar denne gongen. Dei som deltok på kveldsframsyninga fekk også sjangsen til ei kulinarisk oppleving og fekk seg ein svingom på kjøpet.

Les heile saka

Kald romjulsmarsj

Kald romjulsmarsj

Jon Olav Ørsal Måndag 27. desember 2010

Nærare hundre store og små todalingar trossa vinterkulda og tok runden rundt bygda 3. juledag. Godt påkledd og med trimgruppas gløggstasjonar som mål, la folk ut på vandring og tok kulda med godt humør. Trimgruppa i Todalen Idrettslag var arrangør, og det var nok mange som tykte det var godt å komme ut og få rørt seg litt etter fleire dagar med mykje god julemat. Turen rundt bygda var reint så sosial, og ein trefte mange kjente på runden, for det var både ”innfødde” og utflytta todalingar og andre i følgjet.

Les heile saka

Premierenervar i Ungdomshuset

Premierenervar i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Måndag 27. desember 2010

Kvelden før kvelden var det hektisk øving til julekabareten «Færr hell i mot». Så langt er det meste av billettane til hovudframsyninga selt, medan det er ein del billettar att til framsyninga som startar kl 15. Uhenta billettar har gjort at det har vorte nokre billettar ledige til siste framsyninga kl 20, så her gjeld det å hive seg rundt og ta turen til ICA Todalen. Programsjef Svein Åge Saksen fortel at underhaldningsgjengen er i rute og har fått det meste på plass no og reknar med full trykk på premieren kl 15.

Les heile saka

Kaldværet fortsett nokre dagar

Kaldværet fortsett nokre dagar

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. desember 2010

Natt til førte juledag vart det «årsverste» med med minimumstemperatur på nærare 20 kuldegrader. Jon Bruset fortel at det er lågaste temperaturen han har registrer på desember sidan han starta målingane for 20 år sidan. I løpet av dagen har det skya over litt, og temperaturen er i skrivande stund komen på 12-talet. Men det kalde […]


Julehelsing fra Santa Rosa

Julehelsing fra Santa Rosa

Jon Olav Ørsal Fredag 24. desember 2010

Frå Birgitte Kvendset med familie i Santa Rosa, California, har vi fått julekort med julehelsing til alle Todalingar og andre kjente. Vi helsar attende, og håpar at jula ikkje er så kald i Santa Rosa som i Todalen. Klikk deg vidare så får du sjå heile julekortet.

Les heile saka

Ny kulturkalender

Ny kulturkalender

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. desember 2010

Surnadal kulturhus melder at kulturkalenderen for januar 2011 er klar. I Storstuå er det konsert med TrondheimSolistene den 19., men hovudattraksjonen er no UKM- Ungdommens kulturmønstring den 29. januar. Elles er den mykje omtalte filmen «Kongen av Bastøy» sett opp med 6 visninger frå 14. – 26. januar. Til slutt kan nemnast «Vinjes Ferdaminne» og Fotoutstilling […]


Kvenna-kjendis på NRK1 i kveld

Kvenna-kjendis på NRK1 i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. desember 2010

I kveldens TV-program «Kvelden før kvelden» på NRK1, møter vi mellom anna 10-åringen Torstein Snekvik frå Kvenna. Programmet går frå kl 20.05 og fram til kl 22.00. I programmet hjelper han Trond Viggo med juleribba.

Les heile saka