Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Full trøkk på «Fær hæll i mot»

Full trøkk på «Fær hæll i mot»

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. desember 2010

Julekabareten «Fær hæll i mot» fylte Todalen ungdomshus til siste plass, da Todalen Idrettslag arrangerte årets julekabaret 3. juledag. To framsyningar måtte til for å skaffe plass til alle som ville få med seg julekabareten, der kveldsframsyninga nok må seiast å vera mest populær. Men tilsaman var kabareten vist til nærare 250 publikumarar denne gongen. Dei som deltok på kveldsframsyninga fekk også sjangsen til ei kulinarisk oppleving og fekk seg ein svingom på kjøpet.

Framsninga på dagtid var lagt opp i to akter, der det var lagt inn ein kaffepause. Kveldsframsyninga var delt i 3 akter, og var lagt opp meir som ein mellomting mellom kabaret og serveringsteater, der pausane vart nytta til servering av kulinariske rettar fra husets kjøkken. Der kunne du velge mellom blokkålsuppe, kylling og heimelaga is eller du kunne kjøpe full pakke.

Det såg ut som folk kosa seg med mat og underhaldning i kombinasjon, og vi fekk oppleve ein kabaret med skikkeleg trøkk. Det starta med tradisjonell opningsvise, og fortsette med mykje song og musikk med innblanda skjetsar. Størst lykke gjorde nok gjesteartisten Gøran Bolme frå Øvre Surnadal, som hadde skrive vise om todalingane som han framførte.

Men han viste også gode tekter på saksofon, der han framførte «Julejazz» sammen med Lars Husby på gitar og Gudmund Husby på bass. Vidare det innslag som «Terjes kafé», der handlinga var henta frå kaffekroken på ICA Todalen.  «I slekt med saman» som Rune Moe og Håvard Halset framførte var ei vise om bygdas politikarars liv og virke etter at karriera var over.

Men sjølvsagt var det mykje song og musikk, og både Kikki Moe med «Himmel på jord, Gjermund Moe med «The little drummer boy» og Lars Husby med «Tunnelvise» stod på programmet, før Nils Ove Bruset runda av med «Snorres soge om todalingane» før avslutningssongen der alle deltok.

Etterpå var det svingom med Freds trio frå Rindal ut i dei små timane.

Her kan du sjå bildegalleriet fra «Fær hæll i mot».     Alle foto: Jon Olav Ørsal/Driva

Publisert: 28. desember 2010, 05:30