Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Reisebrev frå Kanada

Reisebrev frå Kanada

Jon Olav Ørsal Sundag 2. januar 2011

Brit Grønmyr er til dagleg naturvernledar i Rauma kommune, og har sitt virke på Åndalsnes. I haust har ho vore ein månad i Kanada, der ho har delteke i feltarbeid for Universitetet i Alberta. Vi har fått reisebrev frå Brit, der ho fortel litt om opphaldet i Kanada og den spennande jobben i Kanadas dype skoger. I tillegg har vi fått mange bilde som vi legg ut i galleriet nedafor. Her kan du lese reisebrevet:

Vi hadde base i ein gruveby som heiter Fort Mcmurray og ligg midt i dei vide Kanadiske skogane. Der er det store oljesandområde, og hensikta med forskingsprosjektet er å finne ut korleis aktiviteten i samband med oljesandutvinninga påverkar dyrelivet.

Hovudbeskjeftigelsen var utsetting og innhenting av viltkamera.  Dette forgikk for det meste med kano etter The Athabascan River, ei av dei større elvane i Alberta. Men vi hadde også dagar med motorbåt og helikopter til områda som låg lengst unna allfarveg. Dessutan gikk 50 elgar rundt i skogane med radiosendar om halsen. Desse måtte peilast med småfly, og helst når sikta var god og vi kunne kome oss høgt.   

Det første folk spør om no i etterkant er om vi såg mykje bjørn. Etter eit kvarter på elva første dagen såg vi først ein svartbjørn, så ein til, så da trudde vi at vi hadde satt standarden. Men det vart alt vi såg av bjørn på heile opphaldet. Det andre spørsmålet er om vi såg mykje elg. Det såg vi ingen levande av. Generelt var det  mykje småvilt og fugleliv å sjå, men lite større vilt. Mykje av grunnen til dette er at det er jakta hardt både etter elver og vegar. Men viltkameraa våre såg desto meir. For det meste var det elg, svartbjørn og kvithalehjort, men vi fekk også bison, mår, ulv, coyote, gaupe, hare, bisamrotte og diverse fuglar frå kongeørn til kanadagås.  

Sidan dette er første året på prosjektet vart det mykje prøving og feiling og det er enda langt fram til resultat om verknadane på dyrelivet. Men når ein ser på omfanget av oljesandutvinningane er det vanskeleg å sjå for seg at det skal vera utan konsekvensar for naturen. Same kor vi var kunne vi enten sjå utvinningane eller høyre dei. Inngrepa i landskapa er enorme, sjølv om dei områda der utvinninga er ferdig blir tekne tilbake av skogen relativt raskt.

Legg ved bilete frå opphaldet, både frå den daglege rutine og frå viltkamera. Skal ein prøve seg på ei kort oppsummering er dette ein annleis måte å kome seg ut i verda på og absolutt å anbefale. 

Bilder frå opphaldet i Alberta, Kanada.    Foto: Brit Grønmyr

Publisert: 2. januar 2011, 00:30