Straumbrot i Todalen
Ved 21.30 tida vart det straumbrot i Todalen. Det er ukjent kva som er årsak, om det er lokal eller om det er over eit større omrråde. Vi kjem att så snart vi veit meir om straumbrotet.
Vi fann 7009 artiklar i dette arkivet.
Ved 21.30 tida vart det straumbrot i Todalen. Det er ukjent kva som er årsak, om det er lokal eller om det er over eit større omrråde. Vi kjem att så snart vi veit meir om straumbrotet.
Neste veke er det bispevisitas i Stangvik og Surnadal. Programmet for visitasen ommfattar heile veka frå søndag til torsdag, og blir avslutta med visitasgudsteneste i Øye kyrkje neste søndag. Bispevisitasen startar med viitasgudsteneste i Stangvik kyrkje før turen går til Todalen
Julehandelen nærmar seg med stormskritt. Julemarsipanen har vore på plass i butikkane lenge, og no er det nok mange som alt har julegåvene på plass. Julemessa i Rindal er overstått, og det er sikkert messe ein eller anna plass i helga, og neste helg er det på Nordvik og siste helga i november er det […]
Todalen bibliotek og FAU arrangerer bokkveld 14. november i tidsrommet 18 – 19.30. Kom og gjer deg kjent på biblioteket. Vi ønskjer alle, og spesielt den yngre garde velkomen denne kvelden. Vi håper at alle kan finne ei bok dei har lyst til å lese. Alle er velkomne!
Laurdag 7. desember blir det Hjortfest i Todalen ungdomshus. Det er Todalen idrettslag som er arrangør, med Talgø & Kårvatn jaktlag som vertskap. Billettane til festa er lagt ut for salg på Matkroken L.Hals, og det er lurt å sikre seg billett fortel festsjef Ragnar Halle.
Søya og Todalen skytterlag minner om årsmøtet hos HammerStuene på Surnadalsøra tysdag 26. november kl 19.00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, står det i ei melding frå styret.
Måndag starta demonteringa av den provisoriske fergekaia i Todalen. Den vart etablert i begynnelsen av august i år, ei vekes tid etter at raset ødela fylkesveg 671 inn til Todalen. Den gjorde så tjeneste til begynnelsen av september, da vegen vart opna for kollonnekjøring.
Svorka Aksess er no i ferd med å nå Todalen med fiberkabel. Den siste tida har det vore kabelstrekkjing innover stranda og dei er no komne til Kvennset. Det er i første omgang ei stamlinje opp til Bruset/Todalshytta, med ei grein nedover til Todalsøra.
Laurdag og søndag var det julemesse med heile 54 utstillarar og god julestemning i Rindalshuset. Det var stor breidde i sortimentet som vart tilbydd under messa. Sjølvsagt var mykje av varene knytt til jul og julefeiring, både som pynt og nyttige ting, men også mange slag bakverk og anna tradisjonsmat.
Fredag og laurdag har stått i nærbutikkens tegn i Todalen. Dei to dagane har det vore kampanje for å «Handle heime», eller rettare sagt å bruke nærbutikken der du bor. Dette har skapt unormal stor aktivitet i kaffekroken, der direktøren sjølv har servert kaffe og smultringar fredag og bakels med graut som tilbehør til kaffen på laurdag. Johansen bakeri sørga for nykoka smultringar på fredag og Karen Johanne Talgø var innhyra til grautkoking og bakelssteiking på laurdag. Dette vart suksess, fortel Terje Nordvik som sjølv har vore servitør.
Matkroken L.Hals har «Handle heime»-aksjon denne veka. I det høvet har 1.-4. klasse ved Todalen oppvekstsenter teke turen for å sjå på butikken. Etterpå har dei sendt oss mange bilder og litt tekst som e-post: Dei skriv: » I dag fòr vi til butikken for å vise at vi er glad i butikken vår. Butikken heiter Matkroken. Vi tok med teikningar. Vi gav teikningane til Terje. Vi fekk smultringar og brus. 1. og 2. klassen teikna frukt og grønsaker som låg i hyllene. 3. og 4. klassen fann prisane på brød, smør og pålegg. Vi tok bilete saman med butikksjef Terje og kassadama Marit. Vi er glad i butikken fordi:
Les heile sakaOnsdag kveld var næringslivsledarar fra Sunndal og Surnadal samla til felles samarbeidsmøte i Surnadal. Det var næringsforeningane i dei to kommunane, saman med Sunndal og Surnadal kommune hadde invitert til samarbeid på tvers av kommunegrensene. Formålet med møtet var å stimulere til større samarbeid når det gjelder samferdsel og felles arbeidsmarknad, der tverrfjordleg forbinding naturlig nok var eit sentralt tema. Talgøsjef Terje Talgø ville gå eit skritt lenger, og foreslo like godt å slå sammen dei to kommunane.
Les heile saka