Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tørke i Storfossen – regn eller snø til natta?

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mars 2014

I Storfossen ved Talgø utstillingssenter er det på det næraste tørke no om dagen. Vanlegvis er fossen full av is på denne årstida, sjølv om det normalt ikkje er så stor vassføring. I dag kl 10.00 passerte det 522 liter i sekundet. Ovafor fossen står nemleg NVEs målestasjon, der det blir gjort målingar kvar 15. minutt. I februar var det enda mindre vassføring ein periode.

tekst

Jon Bruset studerer vassføringa i Toåa forbi Storfossen. Foto: Jon Olav Ørsal

I siste del av februar var vassføringa i fossen under 240 liter i sekundet, og da er det ikkje store skvetten som passerer forbi målestasjonen. På turen nedover bygda aukar vassføringa, når ein får med Romåa, Bjøråa, Raudåa, Haukåa og Lauvåa. Likeveld blir dette minimalt når ein samanliknar vassføringa i vårløysinga. Kan berre nemne at vassføringa i Storfossen på pinsaften i 2013 var på 68.000 liter i sekundet, men heller ikkje det var rekord. Vil du inn og sjekke kor mykje vatn det er i Storfossen så finn du resultatet på nettsida til NVE på denne linken

Men no får vi kanskje ei vêrforandring? Vermeldinga for Todalen på yr.no spår for komande døgn både storm, regn og snø. Det gjer nok godt for både vegetasjon og brannfare, berre det ikkje blir i for store mengder.

IMG_0398

Sjeldan at det er så lite vatn i Storfossen. Foto: Jon Olav Ørsal

.

Publisert: 7. mars 2014, 13:46