Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Må vente til måndag på snøen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. mars 2014

Vi må nok vente til måndag før vi får noko vesentlig nedbør, men da blir det heile dagen vest- og nordvestleg vindretning og litt nedbør frå morgonen av.  Først som regn og sludd, som går over til snø. Frå ettermiddagen vil det bli meir og vil vare fram til tysdag morgon. Vidare meldes det om opphald, før det blir regn igjen mot helga, skal vi tru vêrmeldinga på yr.no.

Lars brukar almanakken når han spår vêret. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Og det stemmer nok med prognosane til værspåmannen på Kvennset, Lars Redalen.  Da vi snakka med han i starten på februar, var han ikkje så villig til å uttale seg.  Men til slutt fikk vi eit lite hint om at vi måtte nok vente til midten av mars før vi fikk noko vesentlig nedbør. Neste laurdag er vi midt i mars, og da meldes det på langtidsvarselet regn i fleire døgn framover. Almanakken er nok eit solid verktøy for å spå vêret!

Publisert: 8. mars 2014, 21:47