Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7011 artiklar i dette arkivet.


T.I.L. med skaldyrfest – sett av datoen!

Jon Olav Ørsal Måndag 22. september 2014

Styret i Todalen I.L. inviterer alle medlemar til skaldyrfest laurdag 27. september på Pakkhuset Kro. Det siste året har det skjedd så mykje at no er det på tide at vi alle samlast til ei fest, der alle saman kan være gjestar og ha tid til å slappe av og kose seg, seier leiar i Todalen Idrettslag, Karin Halle. Ho nemner både treningsstudio, lysløpe, fotball, laksefestival og mykje meir – det har nærast vore dugnad og arbeid heile året, så no er det på tide med ein frikveld. Vi har så mykje å takke alle for!


Ei aktiv veke på skulen

Britt Mossing Måndag 22. september 2014

Veka som gikk var det mange aktivitetar på skulen. Måndag var heile skulen på tur til Vorpneset. Der vart vi godt mottekne av ein flokk nysgjerrige kyr som hadde lyst på kos og klapp. Området vart godt undersøkt med leik i skogen og leiting etter krabbar, skjel og smådyr i strandkanten. Det var og dei som prøvde fiskelykka.


Elgfall i Kvennsetdalen

Jon Olav Ørsal Sundag 21. september 2014

Laurdag vart ein historisk dag på Kvennset. Da fall den første elgen på legmålet, og det var Kvennset jaktlag som felte ei elgku og kalv i Dumpa, vest for Arnslåhammaren. Elgane vart skotne i 10-tida, og dei kom på postrekka før jagarane hadde starta jaginga.


Besøkte brannstasjonen og lærte om brann

Britt Mossing Sundag 21. september 2014

Denne veka har barnehagen og 1. og 2.klassen lart om brann og sikkerheit. Det er viktig å kunne litt om det dersom situasjonen oppstår, og kva ein kan gjera. Dei eldste i barnehagen hadde bedd med 1. og 2. klassen på turen til Surnadal brannstasjon. Vi fekk omvisning av Jon Nordvik som viste fram brannbilane og redningsutstyret. Vi fekk sjå varmesøkande kamera, brannbåt og tankbil. I tillegg viste han kor viktig det er å feste sikkerhetsbeltet på rett måte når ein skal køyre bil og buss.


Hjortfesta 2014 – sett av laurdag 22. november

Jon Olav Ørsal Sundag 21. september 2014

Snart er det tid for «Hjortfest» igjen – 22. november er datoen for årets arrangement, melder Håvard Halset i Hjortfest-komiteen. I år er det jaktlaget på sørsida som er hjortfestkomitee, og vi kan vel vente oss ein skikkeleg smakebit både frå scena og frå kjøkkenet. I første omgang er det berre å sette av datoen, […]


Anders fikk «blinkskot» på gaupa

Jon Olav Ørsal Sundag 21. september 2014

Anders Gjeldnes fikk denne veka eit blinkskot på sitt viltkamera. Han har nemleg eit viltkamera ståande ein plass opp lia ovafor Hjellnes, som følger med kva som rører seg på stien som går rett forbi. Kameraet har no stått ute sia august, og det har fange inn både hjort og elg i tillegg til gaupa som vart fangsten denne veka. Men moskusen derimot, har så langt ikkje lagt ruta om kameraet til Anders.


Måndag: Etiopiaprosjentet til NKS – ope møte i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 21. september 2014

Måndag 22. spetember inviterer Todalen sanitetsforening til ope møte om NKS sitt prosjekt for å hjelpe til å etablere sanitetsforeniger i Etiopia. I samband med dette vil ledar i Møre og Romsdal sanitetsforening Ellinor Bolme og sjukepleiar Thea Brevik orientere om prosjektet og helse, omsorg og kvinnerolla i Etiopia i dag. Dette fell saman med sanitetsveka der temaet i år er vald.


Nytt livsteikn frå moskusen – på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. september 2014

Laurdag morgon vart det gjort ein ny observasjon av moskusen som har vore på vandring i Trollheimen. Da vart den observert på Hjellnes i Todalen, så han har nok halde stø kurs vestover frå Dalabotnan der han var observert for ei veke sia. Det var Per Åke Jakobsson som fikk sjå moskusen frå kjøkenvidauga heime i Oppistua.


På Kvenndalstur med stavane….

Jon Olav Ørsal Fredag 19. september 2014

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 18. september ved gapahuken Kvennbu i Kvenndalen. Der vart vi møtt av ein mannsperson og ein orrhane, båe fint ”utskorne” med motorsag. På turen innover dalen ser vi mange høge fjell, ma. Snøfjellet, Seterknobben, Trollhøtta og Storfjellet. Mellom Snøfjellet og Seterknobben skimtar vi så vidt toppen av den 1421 meter høge Blånebba.


Førstebestigning av Neådalssnota, og litt til…

Jon Olav Ørsal Fredag 19. september 2014

Å klatre Snotå (Neådalssnota) var ein draum som vart planta i seint i tenåra for min del, seier Gudmund Kårvatn. – Snotå var sjølve dronninga av fjella her, og ein særdeles vakker topp som så ofte låg der å ruva i bakgrunnen, for seg sjølv. Fleire ruter til topps var vurderte, men eggen mot nordaust skilde seg ut. Lang, passe eksponert og leda til topps. Ingen hadde til no klatra Neådalssnota. Denne veka bar de i veg, saman med klatrekompisen Lars Inge Harang. Her fortel Gudmund om turen….



Utskifting av stikkrenner – arbeidet i gang

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. september 2014

Onsdag starta arbeidet med utskifting av stikkrenner og reparasjoner av setninger i vegen rundt bygda. Arbeidet starta med stikkrenna ved Sissiå, og det danna seg for kø, spesielt på Todalssida, men det var ingen problem med å vente nokre minutt for å kome seg vidare. Det er firma J. Reiten frå Halsa som utfører arbeidet, […]