Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Store klimavariasjonar frå år til anna…

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. februar 2015

I dag skriv vi 10. februar, og ein skulle tru at det på denne tida var full vinter og godt med snø. Men slik er det ikkje – det er bar mark, med berre litt som ligg att på åker og eng.  Jon Bruset har sendt oss 4 bilder, der motivet er Todalen – frå Storhaugen og nedover bygda. Alle bileta er tekne den 10. februar i tidsrommet 2010 – 2015. Han manglar 2012 og 2013, men da var det kanskje ikkje fotovêr av ein eller anna grunn.

På dei to bileta frå 2010 og 2011 er det tilnærma normale vintrar, medan 2014 og 2015 må seiast å være på andre enden av skalaen. I fjorvinter vart det enda mindre snø, men det var så heilt tørt da det i perioden desember til mars var fritt for nedbør. Det kan ein ikkje seie om den same perioden i år, og det er nok årsaka til at ekrene faktisk har ei frisk grønfarge.

todalen_2010_001

Utsikt frå Storhaugen 10. februar 2010 – med snø og skoddetopp. Foto: Jon Bruset

Todalen2011_002

Same utsikten 10. februar 2011 – dette må være «normalåret»? Foto: Jon Bruset

todalen2014_5719

Så hopper vi til 10. februar 2014 – tørrvinter med minimalt med nedbør. Foto: Jon Bruset

Utsikt frå storhaugen 10. februar 2015.  Foto: Jon Bruset

… og 10. februar 2015 – med frisk grønfarge på ekrene etter at det meste av snøen har regna bort. Foto: Jon Bruset

Publisert: 10. februar 2015, 19:25