Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fart over Norgescupen på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. februar 2015

Resultatliste Randonee lørdag 14_02_2015Godt føre ga god fart under dagens Norgescup i randonee på Kårvatn, men ingen kunne true Olav Bakketun Tronvoll i sporet opp til toppen av Tydalsnebba.  Tronvoll var i  tet heilt frå starten og forbi alle meldestasjonane oppover mot toppen. Dit brukte 1:21:16 og så bruka han 6minutt og 19 sekund på turen ned lia og i mål. Beste tid frå toppen og ned var det Martin bartnes som hadde, med 6:04 – han kom på 3.-plass i dagens konkurranse og var 6.38 etter i mål.

På andreplaasen kom Lars Ragnar Manengen, med 1.32.04, og 4.29 etter  Tronvoll.   I kvinneklassen vart det Hildegunn Gjertrud Hovdenak som trekte det lengste strået, og kom i mål på 1.23.25 og ein margin på berre 40 sekunder til Malene B. Haukøy som kom på andreplassen. På tredjeplass kom Ingrid Stenbård på 1.32.19. Kvinne- og juniorklassen hadde ei litt kortare løype en herreklassen.

Sondre Svensli frå Edsvåg vann juniorklassen.  Foto: Jon Olav Ørsal

I juniorklassen vart det seier på Sondre Andersson Svensli. Han starta for Eidsvåg I.L., og kom i mål på 1.25.35. Han hadde god margin til nestemann i klassen, som var Lars Osland Øygard som kom inn på 1.59.39, 34 minutt etter Svensli. Her finn du komplett resultatliste! 

Det var ein flott dag i Dalalia, med litt nysnø oppå bærande underlag. Det ga stor fart både på opp og nedtur. Todalen idrettslag gjennomførte eit prikkfritt arrangement, og fekk mykje skryt frå løparane både for løypetraseen og det tekniske arrangementet.

Søndag er det klart for sprintkonkurranse. Det er nytt i randoneesamanheng, og det sblir sjølvsagt spennande, seier rennleiar Nils Ove Bruset. Sprinten var det opprinneleg planlagt at skulle gå i Reita, men snømangel har gjort at også den konkurransen er flytta til Kårvatn, og blir arrangert i nærområdet til Kårvatn.

Vi har fått bilder frå fleire fotografar som har vore i fjellet – «gjestegalleriet» ligg i eit eige galleri nederst på sia – her er det bidrag frå Dordi Jorunn Halle, Jo Gjeldnes, Dag Sverre Grønmyr, Michal Heimlund og Anders Gjeldnes.  Takk til dere alle for fine bilder tross i at det var «flatt» og vanskeleg fotolys i dag!

Nedafor finn du bildegalleri frå starten og frå målområdet.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Gjestegalleriet – Foto: Dordi Jorunn Halle, Jo Gjeldnes, Dag Sverre Grønmyr, Michal Heimlund og Anders Gjeldnes.

 

Først publisert: 14. februar 2015, 20:50 - Sist oppdatert: 15. februar 2015, 00:25