Dugnad: – Klart for sesongopning i arboretet
Den siste vårpussen vart onsdag kveld unnagjort i Svinsviks arboret, med god hjelp frå Surnadal hagelag som tradisjonelt brukar å være med på klargjeringa til opninga. No er alt klart og dei første rododendronane er alt i full blomst og klare til å ta i mot publikum. Blir tek nok litt tid enno før blomstringa kjem på topp, men med litt varme og sol så vil det nok skje ting gange fort. Det var bra oppmøte på dugnaden onsdag kveld, og vi fekk gjort unna mykje av ryddearbeidet, fortel vaktmester Ola Bruset ved arboretet.