Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

23 på stavgangtur til Halset

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mai 2015

Stavganggruppa er forlengst i gang med sine utflukter, og det er utruleg bra deltaking på turane dei legg opp. Sist torsdag (30.4.) var turen lagt til Halset i Todalen, og vi har fått bilder og litt info frå Reidar Østvik,  som fortel at det var 23 deltakarar som hadde ein fin dag saman i førsteklasses turvêr.

DSC_6602Stavgang2 3004

Ein lang og sosial kaffepause høyrer sjølvsagt med. Foto: Reidar Østvik

Han fortel at dei fekk med Anders Halset som omvisar og lokalekspert, og det vart ein interessant og bra tur som gruppa var godt nøgd med. Og sjølvsagt vart det tid til ein skikkeleg kaffepause med triveleg prat attåt. Neste torsdag – 7. mai – er det vandring langs elva Søya som står på stavgangprogrammet.

 

Publisert: 1. mai 2015, 08:30