Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin konfirmasjonsdag

Jon Olav Ørsal Sundag 3. mai 2015

Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. I ei godt fullsett kyrkje heldt sokneprest Bernt Venås ei god preken til dei 5 ungdomane som no trer inn i dei vaksnes rekkjer. Dei fekk med seg mange gode råd på vegen, og seremonien markerte slutten på ein lang vinter med konfirmasjonsførebuing. Vergudane viste seg også frå si beste side og det var egentleg eit praktfullt syn mad alle bunadskledde kyrkjegjengararane.

Dei fem konfirmantane er Emma Sæther, Jens Olav Edvardsson Moe, Oda Kårvatn, Eirik Telstad Hanssen og Ola Bolme. Etter gudstenesta var det sjølsagt fotografering – både med og utan konfirmasjonskapper, – før det bar vidare til feiring med familie og faddrar.

Nedafor har vi eit lite bildegalleri fra konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje søndag 3. mai 2015.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 3. mai 2015, 14:51