Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad: – Klart for sesongopning i arboretet

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mai 2015

Den siste vårpussen vart onsdag kveld unnagjort i Svinsviks arboret, med god hjelp frå Surnadal hagelag som tradisjonelt brukar å være med på klargjeringa til opninga. No er alt klart og dei første rododendronane er alt i full blomst og klare til å ta i mot publikum. Blir tek nok litt tid enno før blomstringa kjem på topp, men med litt varme og sol så vil det nok skje ting gange fort. Det var bra oppmøte på dugnaden onsdag kveld, og vi fekk gjort unna mykje av ryddearbeidet, fortel vaktmester Ola Bruset ved arboretet.DSC_7207

Eit tjutalls hagelagsmedlemar var møtt opp for å ta del i dugnadsarbeidet, som for det meste var raking og rydding etter vinteren. Etter at dugnadsarbeidet var ferdig, var det traktering med blomkålsuppe med eplekake og kaffe etterpå.

Laurdag kl 11 er det altså sesongopning for arboretet.  Kl. 13.00 er det anledning til å vere med på  omvising i hagen – for deg som vil vite meir! Inngang og omvisning denne dagen kostar kr 100.  Elles kostar inngang vanlegvis kr 70 (barn under 16 år gratis inngang).

PerikomLight_1446_L

Håkon fredriksen og karstein Mauseth kjem til arboretet søndag. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Søndag kl 13. byr arboretet på musikalsk søndagskaffe, med Karstein Mauset og Håkon Fredriksen. Lekre kaker og andre godsaker har dei også i kafèen, og vertskapet garanterer for god stemning! konserten er gratis!

Årets salgsplanter er også på plass til opninga – utvalgte rododendronar og stauder frå  Plantearven sitt sortiment av tradisjonelle norske stauder er klare for sal, melder Maja Frønes som samtidig melder at opningstida i arboretet i år er i tidsrommet 9. mai – 9. august frå onsdagar til og med søndagar mellom kl. 11 og 16.  Onsdagar i juli er arboretet langope, kl. 11 – 20.

Bildeglimt frå dugnaden i arboretet onsdag kveld.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 6. mai 2015, 23:16