Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7212 artiklar i dette arkivet.


Fin kveldstur til Hyllå og Pettlia

Dordi Jorunn Halle Tysdag 19. mai 2015

Måndagskvelden vart det retteleg fint vårver, og heile 24 personar vart med på kveldsturen til trimgruppa i Todalen idrettslag. Yngste deltakar var fem år og den eldste 80 år, så her var det riktig god aldersblanding!


Hommelvikingar på Todalstur

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. mai 2015

Sjølv om det no er over femti år sidan Leif Halse pensjonerte seg og flytta frå Hommelvik til Levanger, lever minnet om han godt i Hommelvik. Måndag var seks hommelvikingar i Todalen for å finne opplysingar om Leif Halse. Dei stoppa opp ved Halsbua, og der kom dei i kontakt med karar frå kaffekroken. Der var det god hjelp å få, lokal kjentmann losa dei opp til skulen og fekk tak i Dordi Jorunn Halle frå Todalen historielag. Ho viste dei Gammelskulen og Halsesamlinga, og ho fortalde om Leif Halse og livsverket hans.


På topptur til Neådalssnota

Jon Olav Ørsal Måndag 18. mai 2015

Skisesongen er ikkje heilt slutt enno, men du må oppi hågda litt for å nå brukbart skiføre etter kvart. Jorunn Nordvik og Nils Ove Bruset tok sist fredag ein tur til Neådalssnota for å runde av årets skisesong. Jorunn hadde med kamera, og har på oppfordring sendt oss nokre bilde frå turen som starta frå Kårvatn til fots. Skiføret nådde dei att på Dalasetra, og gikk på ski derifrå.


Folketog, korpsmusikk og tale for dagen – ein aktiv ettermiddag

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2015

Det vart berre ein kort pause etter biltog og frukostarrangement, før ettermiddagsøkta fortsette med gudsteneste, folketog med hornmusikk og tale for dagen. Sokneprest Bernt Venås kom med prestekjolen under handa – rett frå gudsteneste i Åsskard. Men til avtala tid – kl 14 – var han i gang med gudstenesta i Todalen kyrkje. Vidare utover dagen gikk det slag i slag, med kransnedlegging på bautaen, folketog, middag – og til slutt tale for dagen.


Inviterte bygdefolket på frukost – og dem kom!

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2015

Fotballgruppa i Todalen idrettslag har i fleire år invitert sine sambygdingar til frukost etter biltoget – og før folketoget. Som oftast skjer dette på Bordholmen i friluft, men Ungdomshuset er backup i tilfelle dårleg vêr. Vêrmeldinga i går varsla kanskje ikkje noko vesentleg nedbør, men temperaturmeldinga på yr.no hadde ikkje meir enn 4-5 varmegrader å by på. Med litt vind i tillegg hadde det nok vorte surt på Bordholmen – difor vart frukosten i år i ungdomshuset.


Biltoget markerte starten på feiringa i Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2015

Vi mista for teljinga på antalet med deltakarbilar i årets biltog, men eit 60-tal bilar var nok med – og som tradisjonelt hadde start ved Halsbua og oppover bygda til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Der var det ein kort pause før togen fortsette nedover att til Todalen ungdomshus, der Todalen I.L. inviterte alle sambygdingar til frukost etterpå.


Siloplasten blir resirkulert

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. mai 2015

Laurdag var Steinar Husby frå transportfirmaet Ottem i Todalen og omeng for å hente brukt brukt plast frå siloballar til resirkulering. Det blir bruka store mengder plast i landbruket, og det er viktig at dette blir samla inn og resirkulert – kanskje plasten kjem att som brusflasker eller kanskje ein flott fleece-jakke i neste omgang.


Vårslepp og kåte sprell…

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. mai 2015

Det var mange kåte sprell da Ola Kvendset opna fjøsdøra laurdag, og ga dei 46 mjølkekyrne og kvigene hadde fri tilgang til å ta seg ut i luftegarden utafor fjøset. Sjølv om dei gjennom vinteren har hatt ein stor grad av fridom i lausdriftfjøset var det nok godt for dei å kome seg ut friluft – og til grønt gras.


Sp-leiar Vedum til Surnadal

Jon Olav Ørsal Fredag 15. mai 2015

Måndag 18. mai kjem SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum til Surnadal. Saman med SPs ordførarkandidat Margrethe Svinvik vil Vedum besøke fleire surnadalsbedrifter denne dagen, og startar på SIV Industriinkubator for å høre om deira prosjekt, – før turen går vidare til MøreTre og Pipe-Life. I tillegg vil Vedum ta del i ei samling for listekandidatar i […]


Kveldstrim til Hyllå og Petlia

Jon Olav Ørsal Fredag 15. mai 2015

Måndag 18. mai arrangerer TIL trimgruppa rundtur frå Halla over Flathauann, oppover til Hyllå – vidare etter skogsvegen i Petlia – til Lauvåa og ned til Husby. Start frå Austistua på Halla kl 18:30, melder trimgruppa.


17.- maiprogrammet – folketoget startar i kyrkja

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mai 2015

Det er gjort ei lita endring i programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen. Folketoget har tidlegare starta i skulen og gått nedover til kyrkja. Det var først sett opp slik i år også, men FAO har endra dette, slik at starten på folketoget blir som tidlegare sett opp kl 15.15 – etter gudstenesta og kransnedleggjinga.


StakkUT til Megardsvatnet…

Vidar Sogge Torsdag 14. mai 2015

Trass i eit kraftig regnel i 11-12-tida og usikre vêrmeldingar, møtte 20 deltakarar opp ved Felleskjøpet i Halsa og vart med på stavgangturen til Megardsvatnet. Dette er òg ein av Stikk UT-turane i år. Vi parkerte bilane ved bommen før vi la på veg oppover. Vi var så heldige å ha med Hans Gujord som kjentmann og guide, og han fortalde namnet på alle plassane vi kunne skimta gjennom små opningar i skogen.