Stavgang langs Søyas bredder…
Torsdag 7. mai la Stavganggruppa turen til elva Søya i Lykkjebygda. Vi parkerte bilane ved brua nedafor Lia, og vart imponerte over det store flaumsikringsarbeidet som var gjort her. Etter at vi hadde fordøyd inntrykka av dette enorme arbeidet, la vi turen nedover mot den prektige Haugafossen før alle 33 returnerte attende til bilane. Vi avslutta som vanleg turen med ein kaffepause.