Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reknar med mykje folk på traktorpulling

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mai 2015

Det blir i år rekorddeltaking for traktorpulling på Halsanaustan søndag. 35 traktorar er påmeldt, med stor variasjon i størrelse og hestekrefter – 75 hk frå lokalt hald, medan langveisfarande kjem med traktorar på rundt 1000 hk. Det store spenningsmomentet er sjølvsagt vêret, men akkurat no ser det ut til å bli bra, seier Gunnar K. Røe som er leiar for arrangementet på Halsa.

Det er andre gongen at det blir arrangert traktorpulling på Halsa – første gongen var i fjor, da det kom 1200 for å sjå på – dobbelt så mange som dei hadde rekna med. Men det er god plass, og banen dei skal konkurrere på er utvida, så det ligg tilrette for eit artig og spennande arrangement, seier Røe. Arrangementet startar søndag kl 11, og varer utover til kl er 17.  Deltakarlista kan du sjå her:

Deltagere presse

 

Publisert: 23. mai 2015, 15:19