Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7209 artiklar i dette arkivet.


Når går Hønhalsen…?

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2015

Normalt går hønhalsen over i juni, enkelte gong tidleg i juni og det kan sågar skje i slutten av mai. Kva som er normalt veit ikkje vi, men kanskje mot midta av juni ein gong? Mot normalt er det iallfall i år, for i dag skriv vi 10. juli – men no er det straks før at det skjer, ser det ut til! Følg med!


Kvanne – Rykkjem ute av drift

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juli 2015

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Sambandet er midlertidlig ute av drift grunna tekniske problemer, meldes det kl 17.21.  Fjord 1 reknar med normal drift på ruta frå avgangen frå Rykkjem kl 17.45, melder Fjord1


Sommarjobb i parken

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juli 2015

Kjekt å tjene seg nokre kroner for å spe på feriepengane, tykte Steinar og Frikk som har fått seg sommarjobb i parkanlegget ved Gammelfabrikken. Dei to kompisane var i full jobb med å førebu planting av rododendron i området mellom gammelfabrikken og dammen oppe i skråninga ovafor. Eit trettital rodensdron skal plantast ut, og jobben […]


Så kom vårløysinga, litt forsinka…

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2015

Regnvêret som kom måndag ettermiddag sette fart på snøsmeltinga i høgfjellet. Frå ei vassføring ved Storfossen på rundt 18 m3/sek i 12-tida måndag passerte den 55 m3/sek i 20-tida, og har fortsett å stige etter det. Yr.no melder om regnvêr utover natta, men temperaturen er dalende og vil nok kome ned i 6-8 grader i høgfjellet og det vil nok dempe snøsmeltinga.


Har du ein gamal «Snøgg» eller «Svalen»

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2015

I dag fikk eg uventa besøk frå Åndalsnes. Det var Magnar Øverland frå Vestnes som stakk innom, på ein rundtur i distriktet for å samle gamal sykkelhistorie. Det har seg nemleg slik at min bestefar, Olav O. Halle, dreiv med montering, salg og reparasjonar av syklar. Sykkelentusiasten Øverland var på søken etter meir informasjon om og eventuelt gamle syklar med merket påmontert.


Tour de Todalen i finvêret…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juli 2015

Trollheimen sykkelklubb arrangerte tur til Todalen i dag, som ei uhøgtideleg treningsøkt for den som hadde lyst, fortel rune kvande som har sendt oss bilete frå stoppen dei hadde ved HalsOils anlegg på Kvennset. Dei hadde ført teke ein oppvarmingtur til Røv, før dei sette kursen til Todalen.


Laurdag: Byr på konsert med Terje Nordgarden

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juli 2015

Sett av laurdagskvelden 11. juli – da kjem nemleg Terje Nordgarden attende til Todalen for å halde utekonsert på Todalshytta. Terje var tidlegare i sommar med på låtskrivarseninaret på Todalshytta, og no tek han med seg familien og kjem att for å vise fram todalsnaturen – og byr altså på konsert denne laurdagskvelden.


Fullklaff i Smidammen

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juli 2015

Søndag føremiddag fekk eit par frå Tyskland fin laksefangst i Smidammen i Brusetneset. Mannen fekk laksen på kroken ved terskelen på Smidammen, og etter noko arming fekk frua sikra laksen i håven oppe ved Endavadhølen. Fisken var ein villaks som målte 80 cm lengde, og vekta var nok rundt 5 kg. Laksen var eit fint […]


No bit laksen i Toåa – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. juli 2015

Brumunddølen Lars Arild Moumb starta med bilen frå Brumunddal i midnattsleitet, og var på plass i Toåa i 6-tida laurdag morgon. I 9-tida hadde han første laksen på land i Raudåhølen – ein 4,8 kgs rugg var sjanselaus mot brumunddølen. Men da hadde han alt mista ein litt mindre laks.


Jonsvake med kongens heider til Bernt Bøe

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. juli 2015

Jonsvaka i Åsskard vart ein musikalsk festkveld og den toppa seg med tildeling av kongens fortenestemedalje til Bernt G. Bøe. Jonsvaka starta med Bernts bildekåseri ”Nordmøre i tonar og dikt”, men da vi skulle ta kaffepause, troppa ordførar Lilly Gunn Nyheim opp med tildeling av kongens fortenestemedalje til Bernt. Har aldri opplevd at Bernt har […]


Starta badelivet – kaldt men godt

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juli 2015

Skulefri og bading høyrer saman, men det har ikkje frista med bading så langt i år.  I dag nærma gradstokken seg 30 grader, og da vart det for fristande for 4 gutar på Halsabrua. Dei var uti fleire gong, men dei hutra og hakka tenner når dei kom oppatt, men fekk fort i seg varmen […]


Ikkje så stor, men arti lell…

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juli 2015

Bjørnar Aasbø fikk laksen på kroken alt etter tredje kast, da han prøvde seg på laksefisket torsdag ettermiddag. På frivakta frå Rossåa settefisk tok han turen til Båthølen i Toåa, for å prøve slukstanga. Resultatet vart ein svel på 2,855 kg – helt nøyaktig kontrollert vekt av kollega Kjetil Haugen. Det var nok eit heilt nygått eksemplar, for Bjørnar kunne telje heile 23 lus på fisken.