Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7178 artiklar i dette arkivet.


Bra laksefiske – gytebestandsmålet ser ut til å bli nådd

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juli 2015

Dei siste par vekene har det vore godt laksefiske i Toåa, og midtsesongevalueringen viser at gytebestandsmålet vil bli nådd med god margin, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset. Etter en katastofal sesong i fjor er det bra at laksen er «komen att», og Ola fortel at det så langt i år er det innrapportert 32 laks i Toåa – og eit liknande tal for sjøaure.


Hønhalsens fall…

Jon Olav Ørsal Sundag 12. juli 2015

Ei melding frå pålitelege kjelder i Austigarden på Kvennset kan bekrefte at Hønhalsen er gått av  – det er dermed fritt fram for å finne fram badebukse og ta seg eit avkjølande bad. Vi trur det er krimforfattaren Guro Redalen som har gjort denne observasjonen og dermed kan stadfeste dette frå ibservasjonskråa si i dag kl […]


Terje Nordgarden imponerte publikum…

Jon Olav Ørsal Sundag 12. juli 2015

Terje Nordgarden imponerte stort med sin friluftskonsert på Todalshytta laurdag kveld. Laurdag var han på familietur til Storhaugen og det var nok skikkeleg opplading til kveldens konsert. Nordgarden entra den improviserte friluftsscena på bakken framfor Todalshytta full av energi, og eit knapt hundretals publikumarar fikk ei oppleving dei seint vil gløyme. Terje fikk god kontakt med publikum frå første stund, og fekk skikkeleg applaus som belønning.


Kostbare pøbelstreker ved SIAS

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juli 2015

Ved verkstaden til Per E. Gjeldnes Maskin er det ødelagt 2 vindusruter i 2 forskjellige dumpere. Det ser til at det er skote med luftgevær på rutene som no må skiftes ut. Den eine er i herdaglas, medan den andre er laminertglas, og begge to er kostbare saker som nok vil kome på fleire tusen kroner. Per E. Gjeldnes meier at det må ha skjedd i løpet av den siste veka.


Terje Nordgarden – tilbake i Todalen for å halde konsert

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2015

Terje Nordgarden er «komen i hus» på Todalshytta, klar for friluftskonsert på bakkan framfor hytta laurdag kveld. Denne gongen har han teke med familien, kona Sabrina og dotra Maya på 3 år, for å ta fri nokre dagar og nyte todalsnaturen. Terje var her på låtskrivarseminar for ein månadstid sia, og vi fekk da eit par smakebitar med han under felleskonserten på Gammelfabrikken – Raus 2015.


Når går Hønhalsen…?

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2015

Normalt går hønhalsen over i juni, enkelte gong tidleg i juni og det kan sågar skje i slutten av mai. Kva som er normalt veit ikkje vi, men kanskje mot midta av juni ein gong? Mot normalt er det iallfall i år, for i dag skriv vi 10. juli – men no er det straks før at det skjer, ser det ut til! Følg med!


Kvanne – Rykkjem ute av drift

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juli 2015

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Sambandet er midlertidlig ute av drift grunna tekniske problemer, meldes det kl 17.21.  Fjord 1 reknar med normal drift på ruta frå avgangen frå Rykkjem kl 17.45, melder Fjord1


Sommarjobb i parken

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juli 2015

Kjekt å tjene seg nokre kroner for å spe på feriepengane, tykte Steinar og Frikk som har fått seg sommarjobb i parkanlegget ved Gammelfabrikken. Dei to kompisane var i full jobb med å førebu planting av rododendron i området mellom gammelfabrikken og dammen oppe i skråninga ovafor. Eit trettital rodensdron skal plantast ut, og jobben […]


Så kom vårløysinga, litt forsinka…

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2015

Regnvêret som kom måndag ettermiddag sette fart på snøsmeltinga i høgfjellet. Frå ei vassføring ved Storfossen på rundt 18 m3/sek i 12-tida måndag passerte den 55 m3/sek i 20-tida, og har fortsett å stige etter det. Yr.no melder om regnvêr utover natta, men temperaturen er dalende og vil nok kome ned i 6-8 grader i høgfjellet og det vil nok dempe snøsmeltinga.


Har du ein gamal «Snøgg» eller «Svalen»

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2015

I dag fikk eg uventa besøk frå Åndalsnes. Det var Magnar Øverland frå Vestnes som stakk innom, på ein rundtur i distriktet for å samle gamal sykkelhistorie. Det har seg nemleg slik at min bestefar, Olav O. Halle, dreiv med montering, salg og reparasjonar av syklar. Sykkelentusiasten Øverland var på søken etter meir informasjon om og eventuelt gamle syklar med merket påmontert.


Tour de Todalen i finvêret…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juli 2015

Trollheimen sykkelklubb arrangerte tur til Todalen i dag, som ei uhøgtideleg treningsøkt for den som hadde lyst, fortel rune kvande som har sendt oss bilete frå stoppen dei hadde ved HalsOils anlegg på Kvennset. Dei hadde ført teke ein oppvarmingtur til Røv, før dei sette kursen til Todalen.


Laurdag: Byr på konsert med Terje Nordgarden

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juli 2015

Sett av laurdagskvelden 11. juli – da kjem nemleg Terje Nordgarden attende til Todalen for å halde utekonsert på Todalshytta. Terje var tidlegare i sommar med på låtskrivarseninaret på Todalshytta, og no tek han med seg familien og kjem att for å vise fram todalsnaturen – og byr altså på konsert denne laurdagskvelden.