Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturvandring til Søyådalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. juli 2015

Laurdag 1. kan du bli med Stangvik historielag på kulturvandring til Søyådalen.  Vandringa går i det landskapet som vart omtala i boka om Søyådalen som vart lansert tidlegare i sommar. Her har du ein unik sjangse til å bli med forfattarane av boka og andre kjentfolk på tur til Søyådalen.

Det er oppmøte ved Eidet gamle skule kl 10, og skyss derfrå kan koordinerast. Etter parkering inni dalen går vandringa på austsida av elva med stopp på Midtsetra og deretter Holtasetra, der det blir ein rast. Vidare fortsett turen over bokken som kryssar Søyåa, og så utover dalen forbi setrene på vestsida – med ein litt lengre stopp på Mellingsetra til slutt, skriv Stangvik historielag i ei pressemelding.

Deltakerne må sørgje for å ha med nok mat, drikke og klær til ein dag ute i flott natur.

 

 

Først publisert: 30. juli 2015, 09:42 - Sist oppdatert: 31. juli 2015, 19:47