Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7178 artiklar i dette arkivet.


Vikingane og «solsteinen» på sjøfartsmuseet

Bernt G. Bøe Fredag 24. juli 2015

Korleis fann vikingane leia til sjøs? Dette har Einar Oterholm grubla over. Søndag deler han sin kunnskap om eldgamle navigasjonsmetodar med publikum på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. – Ingen veit sikkert korleis vikingane navigerte, innrømmer han. – Men dei segla langt på sine farkostar, både til Shetland, England, Island og Grønland. Ja, heilt til Amerika!


Norges lengste balkongkasse?

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juli 2015

På Hageland Slætta i Malmefjorden har dei kanskje landets lengste balkongkasse – 62 meter er iallfall langda på den og den er nærast ein liten attraksjon i seg sjølv. Den går i heile byggets lengde, og har innlagt automatisk vatningsanlegg som sørgjer for at vatn og gjødsel, fortel gartner Jostein Gridseth, som legg til at vatning av uteblomster nærast har vore unødvendig i sommar.


Tok helsesjekk på bruene rundt bygda

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juli 2015

Dersom du lurte på kva som foregikk på bruene rundt bygda på torsdag, så kan vi avsløre at det var Statens Vegvesen som foretok tilstandskontroll på bruene på FV323. Ein sjekk på bruene blir gjort kvart 5. år, – der det blir vurdert om det er naudsynt med ekstra vedlikehald.


Brekkliløå fekk nytt liv

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juli 2015

Brekkliiløå som ligg nedafor og nord for toppen på Talgøstorhaugen har fått eit nytt liv dei siste vekene. Etter eit par år med planleggjing og søknad om SMIL-midlar var det snekkarane Gunnar Nordvik og Lars Kvendset som fekk oppdraget med å utføre den faglege biten av prosjektet. Løå høyrer Høyem til, men ligg på Bruset-legmålet, fortel Martinus Torvik som har vore prosjektleiar.


Hitratur på ein måndag…

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juli 2015

Ferietid og ein finvêrsdag må nyttast til noko konstruktivt – måndag vart det ein impulsiv tur til Frøya og Hitra. Egentleg ein litt lang dagstur, med litt over 50 mil på kilometerteljaren – men det vart ei fin oppleving. Det er veldig flott natur på Hitra og Frøya, og etter at det vart tunellar slepp du iallfall å bekymre deg for ferjetider og bortheft med ferjekø. – Og jammen har dei mykje fin natur å by på.


Ny konsert: – Knut Reiersrud til Todalehytta!

Jon Olav Ørsal Måndag 20. juli 2015

Det har vært litt av en kultursommer på Todalshytta – først med låtskriverseminar og tilhørende konsert – riktig nok på Gammelfabrikken, men så med Asle Beck & co og forrige helg med Terje Nordgarden. Neste helg, lørdag 25. juli står ingen ringere enn Knut Reiersrud klar på utescena på Todalshytta. På Todalshytta åpnes dørende kl 19, og konserten starter kl 20.00.


Naudstraum på plass – offisiell overlevering

Jon Olav Ørsal Måndag 20. juli 2015

Det nærmar seg no 2 år sia raset som isolerte Todlalen heilt eit par døgn. Erfaringane frå den gongen viste kor avhengige vi var av straumen og kor opprådd ein blir i slike situasjonar. På butikken stoppa kassasystemet, kjøle og fryseanlegg stoppa opp og maten tina og vart øydelagt, og det vart umuleg å få opp frå bensin og diesel frå drivstoffanlegget. Dette sette innehavar Terje Nordvik på tanken om å installere eit skikkeleg naudstramanlegg til butikken. Måndag var det offisiell overlevering av det nye naudstraumanlegget som er eit spleiselag.


Dreng med drømmejobb

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juli 2015

Peder (19) er dreng på Todalshytta i sommar – ein drømmejobb å være her på Todalshytta og drive med førefallande arbeid. Eg driv eigentleg med alt muleg – unnateke matlaging, og arbeidet er så variert at ein rekk ikkje å bli lei.


Mo kyrkje – Inviterer til tysk gudsteneste

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. juli 2015

Komande søndag er det kveldsgudsteneste i Mo kyrkje. I seg sjølv er ikkje det så spesielt, men det som er spesielt er at den blir tyskspråkleg. – Alle er sjølvsagt velkomene til gudstenesta, men vi har her hatt tyske turistar, tyske laksefiskarar og tyske fastbuande i området i tankane, seier Heidi Fugelsøy i Mo sokneråd.


Markagapen Stadion – aktiviteten i 60-åra

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juli 2015

Den som har levd ei stund minnes nok Markagapen stadion i Brusetmarka og aktiviteten med god gammeldags løkkefotball i 60-åra. Det var ein improvisert fotballbane, laga av borna sjølve, og hadde sin viktige misjon i ein periode fra starten av 60-åra og nokre få år vidare. Her deltok born og unge både frå Brusetmarkas brusetmarka og lovande fotballtalent frå resten av bygda.


Pensjonistlaget feirer i august …

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juli 2015

Surnadal pensjonistlag vart stifta i 1975, og rundar dermed 40 år. Dette skal markerast med høgtideleg jubileumsfeiring for medlemane og innbedne gjestar i skyttarhuset på Angråmyra den 26. august. Til jubileet er det laga eit flott jubileumsskrift, der historia til Surnadal pensjonistlag er samla mellom to permar. I jubileumsskriftet oppfordrar leiar Johannes J. Vaag fleire til å bli med i pensjonistlaget. Det er i dag rundt 150 medlemar, og i ein periode har medlemstalet vore i tilbakegang.


Har du mista minnekort?

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. juli 2015

Jostein Bruset var på tur til Tristeinan saman med familie og venner i går, og fann eit minnekort i den merka turstien som går over til Innerdalen. Funnet vart gjort mellom Talgø-Storhaugen og Tristeinan ca 2-300 meter før Tristeinan. Minnekortet inneheld bilder frå tur til Lysefjorden/Prekestolen og frå andre aktivitetar i tursamanheng.