Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7054 artiklar i dette arkivet.


Rundtur på Røsmoen og besøk i bunkeren

Vidar Sogge, tekst Laurdag 3. oktober 2015

Torsdag 1. oktober besøkte stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag bunkerane ved Røsmoen på Skei. Vi startar ved Coop Extra på Skei og går eit stykke i retning det gamle Svorka-bygget før vi svingar ned mot Røsmoen, forbi Stykket, heimplassen til Hans Hyldbakk, og dreier opp mot bunkerane.


Sesongstatus med både nedtur og opptur

Jon Olav Ørsal Fredag 2. oktober 2015

Som ei oppsummering på sesongen som er ferdig må eg tilstå at eg er litt misfornøgd med sommarvêret vi har hatt i år – spesielt når vi samanliknar med sommaren som var i fjor. Det har medført at vi har stor nedgang i talet på fotturistar og drop-in-gjestar, men lyspunkta har vært laksefiskarane og konsertane.


Haustsal – ryddar plass til ny vintersesong

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. september 2015

Hos Laila og gjengen på Kårvatn Fjellutstyr er sommaren definitivt slutt – no ryddar dei bytikken og lagar eit skikkeleg haustsal. Sjølv om det enno kan bli mange fine haustdagar så ordnar dei seg på ein ny vintersesong. Laurdag og søndag startar haustsalet og det varer heile neste veke fram til laurdag 10. oktober, og Laila reknar med at det blir mykje folk – for ho har mykje fine varer å by på – og gir opptil 80% avslag på enkelte varer!


Bolig- og hyttefelt tek form – oppstart av reguleringsplan for Øygarden

Jon Olav Ørsal Måndag 28. september 2015

Den siste tida har det vore jobba med tilrettelegging for bustad- og hyttefelt i området Øygarden på Nordvik. No er planane komen så langt at det er varsla start i planarbeidet for bustadfelt med 15 tomter, hyttefelt for 20 tomter, småbåthamn for 50-60 båter og eit areal for næringsbygg i det same området.


Lauvfall med todalingar…

Jon Olav Ørsal Sundag 27. september 2015

Laurdag opna Surnadal kunstforening «Utstilling ved lauvfall» i Surnadal kulturhus. Det er i år 11. gong dei arrangerer haustutstilling, og det var stor interesse og mykje folk som kom på opninga. I år er det to todalingar som har bilder med på «Lauvfall» – Sissel Halset Storslett har to og Reidar Østvik har ett bilde som har sluppet gjennom nålauge.


11-takker for Kristoffer, men elles lite å sjå

Jon Olav Ørsal Sundag 27. september 2015

Kristoffer var dagens mann på Talgø og Kårvatn jaktlag da han felte ei 11-spiring under jakta søndag. Det skjedde i Skrøåsvalia, utafor Storsvaet i retning Talgønebba, og Kristoffer fikk tak på kronhjorten under jaginga. Ein hjort til vart observert under jaginga, med den glapp forbi jagarane.


Sesongskifte på gang…

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. september 2015

Vi går mot slutten av september, og får stadig fleire tegn på at hausten er her, og ein ny vinter er i anmarsj. Laurdag morgon var det atter nysnø i fjella, og lauvskogen har fått litt gulfarge – og tida er nok komen ettersom vi hadde haustjamndøgn sist onsdag. Denne veka kom også vegstikkene på plass langs vegkanten….


Stavgang til Båtvika

Jon Olav Ørsal Fredag 25. september 2015

Torsdag 24. september drog stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til Flessen. Her vart vi godt mottekne av Ole Flessen, som fortalde om plassen og stadene rundt. Fint vêr hadde vi heile dagen, men på grunn av gravearbeid kom vi oss ikkje så langt at vi kunne sjå heilt ned i Båtvika. Trist at vi ikkje kunne få visa fram denne fine plassen nedmed fjorden!


Saniteten: Kjøp lodd

Jon Olav Ørsal Fredag 25. september 2015

Både fredag og laurdag denne veka , og neste veke, driv Todalen sanitetsforening førehandssal av lodd på Matkroken Todalen. Søndag 4. oktober er det basar og trekkjing, fortel Kari Kvendset. Ho har fellesliste der alle gevinstane er med og kvart lodd kostar kr 50.  Folk er dyktige til å støtte oss, og vi kan rapportere […]


Ny innsamlingsrekord for Demensaksjonen

Jon Olav Ørsal Fredag 25. september 2015

Lokalt vart det samla inn kroner 111.805 til Demensaksjonen 2015, – og det er ny rekord for Surnadal kommune, fortel leiar Liv Botten i Surnadal demensforening og helselag. Ho nyttar høvet til å takke alle givarar, bøssebærarar for det flotte resultatet.


Feira 100-årsdagen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 25. september 2015

Torsdag feira Lisbet Halle sin 100-årsdag. Det foregikk heime i Austistua, saman med slekt og venner og barnehageborna som kom på besøk og gjorde stas på jubilanten. I tillegg vanka det helsingar både frå kong Harald og frå leiaren i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum. 100-åringe tok feiringa med stor ro, og tok seg tid til ein prat med alle gjestane.


Senioruniversitetet: Om kroppsøving og skoleveg…

Jon Olav Ørsal Fredag 25. september 2015

Senioruniversitetet for Indre Nordmøre starter ny møtesesong onsdag 30.september med eit møte om fysisk fostring i skolen og på skolevegen. Det er Eivind Hasle som viser lysbilde og fortel frå skolehistoria – og det er sjølvsagt høve til å bidra med eigne minne frå skoletida.