Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny giv for veggpanel

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. januar 2016

Hovudproduksjonen ved Talgø Møbelfabrikk i Todalen er i dag ferdigmåla interiørpanel til byggvaremarknaden. No er det duka for ny giv for panelproduksjonen etter at Talgø og byggvarekjeda Montér har utvikla nye panelprodukt i samarbeid med produktutviklarar frå Interiørgruppa.

Sia før jul har utviklingsarbeidet av forskjellige variantar med nye profilar og fargar gått føre seg, det har vore fleire tekniske utfordingar med tilpassing til industriell produksjon av panelet. Frå Talgø er det Brynjar Moe, Elmer Talgø og John Moe som har delteke i dette utviklingsarbeidet, og dei fortel at dei etter fleire rundar er ny dei nye panelvariantane klare for marknaden om eit par månader.

Både Talgø og Montér har god tru på dei nyutvikla produkta , som vil ha stor betyding for sysselsettinga ved fabrikken i Todalen, fortel dei tre.  – Det er for så vidt ikkje noko nytt med produktutvikling og å være innovative, for det har vi vore vant til sidan starten i 1899, seier Elmer Talgø.  Nytt er det imidlertid at vi har med oss Noregs størte byggvarekjede på dette arbeidet, der vi har fått ein langsiktig avtale med tanke på panelproduksjon og utvikling av produkt der miljø og grøne verdiar blir sett i høgsetet, seier Talgø.

DSC_6406

Frå dagens panelproduksjon – Torkjel A. Moe matar inn panel i lakklinja. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_6427

Oddbjørn Mikkelsen kontrollerer lakkautomaten. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_6413

Og her kjem panelet ut av tørkekanalen Tor Ivar Bergem

Publisert: 30. januar 2016, 23:23