Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

UKM: – Vinterens vakraste eventyr

Jon Olav Ørsal Fredag 5. februar 2016

Det er Ungdommens Kulturmønstring for Halsa, Rindal og Surnadal på laurdag. Det er grunn god nok til å ta seg ein tur til Skei! 93 deltakarar skal vise noko av alt det spennande som ungdom i dei tre kommunane driv med. Alt startar kl. 16 med opning av kunstutstilling. Her vil det bli vist foto, teikningar, anna bildande kunst, gipsmaske og tollekniv.

Ein elevflokk frå folkehøgskulen har, utafor skuletid, laga ein thriller og filmen vil bli vist på mønstringa. Det blir både danse- og musikkinnslag frå scena kl. 17. Vi kan love at variasjonen er stor! Nokre, som The Real Passion, spelar eige materiale, medan andre gjer coverversjonar av kjente artistar. Bakgrunnen til utøvarane er like variert: for nokon er dette den første opptreden frå ei scene, medan andre er på Spotify eller har spelt på musikkfestival i Bulgaria!

Du finn ei oversikt over deltakarane ved å klikke deg inn på http://ukm.no/pl4298/pameldte/ Klikk i veg!

 

Publisert: 5. februar 2016, 10:17