Rute 46 Kvanne – Rykkjem – normal drift frå kl 17.30
Rute 46 Kvanne – Rykkjem har ein kort periode vore ute av drift, men har normal drift frå kl 17.30 tysdag ettermiddag, melder Fjord1
Vi fann 7179 artiklar i dette arkivet.
Rute 46 Kvanne – Rykkjem har ein kort periode vore ute av drift, men har normal drift frå kl 17.30 tysdag ettermiddag, melder Fjord1
Dei to siste vintrane har det vore sjakkturnering og sjakk-kveldar på Matkroken. Komande søndagskveld inviteres alle sjakkinteressert til å kome til Matkroken for å diskutere vinterens opplegg. Dette er heilt uformellt og risikofritt og både nybynnarar og veteranar blir oppfordra til å møte, fortel Anders Talgø som er sekretær for gruppa.
Du har kanskje lagt merke til at det har vorte nye skulebussar, med nye fargar og nytt namn. Frå 10. oktober heiter bussane fram og er blå og lyse grå fargar. Spillflunke nye bussar, som er av siste skrik når det gjeld både teknologi og eigenskapar, fortel Bjørgulf Øyen som kjører ein av skulebussane.
Sollid Skog er i aksjon med granhogging – i løpet av eit par-tre veker skal dei hogge rundt 2000 m3 gran hos 3 forskjellige oppdragsgjevarar i Todalen. Dette er gran som vart planta for rundt 60 år sia, – som no er i ferd med å bli hogstmoden og klar for å bli avispapir og bygningsmaterialar.
Lørdag markerer Matkroken Todalen den lokale handledagen. Det er en årlig markering som skjer i alle nærbutikker som er knytta til Merkurprogrammet. Dei fleste er såkalte sistebutikker, og har en viktig funksjon i et levende lokalsamfunn. Det blir en dag fylt med lokal handel, prat med naboen og med aktiviteter i butikken og selvsagt servering av gratis kaffe og bløtkake hele lørdagen, seier handelsmann Terje Nordvik til Todalen.no.
Søndag var det hausttakkefest i kyrkja, der 50-årskonfirmantane var spesielt inviterte. Hausttakkefesta er ei markering av at innhaustinga er ferdig og markerer at sesongen er ferig og det er tid for oppgjør.
10. juli 1966 var det konfirmasjon for 1951-årgangen i Todalen kyrkje. Laurdag kveld var det tid for å feire 50-årsjubileum i Todalen ungdomshus – med Todalen sokneråd som vertskap. Det vart ein triveleg kveld med mange artig historier og mang ein god latter.
Tillyst årsmøte for Søya og Todalen Skytterlag måndag 24. oktober blir flytta til tysdag 25. oktober, melder leiar Håvard Halset til Todalen.no. Det er kollisjon med andre årsmøter som er årsak til denne endringa.
Jon Are Husby ferierer på Bakketun og har tatt både en og flere runder rundt bygda med sitt kamera. Han har fanga inn mange motiv på disse turene og har sendt oss et utvalg som vi har plukket sammen en serie som vi viser i galleriet nedenfor.
Det er vel berre så vidt at vi har dekning for å kalle Simen Halle Haugen for todaling kanskje, men vi har iallfall dekning for å seie at det er todalsgener i han.
I dag trefte vi Ronny og Ulla Wikås i Brusetmarka – dei er tilbake på gamle tomter i Todalen. Frå 1965 og til langt utpå 70-talet var Wikås-familien frå Halmstad på ferie i Todalen og faktisk heile sommaren – iallfall det meste av laksesesongen. Første sesongen var campingvogna plassert på campingplassen til Ola Holmå ved Halsabrua, men alt neste år flytta dei oppi Brusetmarka og var der i mange år.
Torsdag 10. november kl 20.00 arrangerer Surnadal Senterparti sitt årsmøte i Nordvik Forsamlingshus.