Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjortfesta er død – leve Hjortfesta……

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2016

I mange, mange år – meir enn ein generasjon har Hjortfesta vore eit høgdpunkt å sjå fram til i slutten av november.  Hjortfesta har vore ein av dei store inntekstkjeldene til Todalen idrettslag gjennom ei årrekkje – dei siste åra har arrangementet gått på underskot, og vore ei økonomisk belastning for laget.

Litt historikk: Hjortfesta var på mange måtar ein arvtakar etter dei populære Bekkerfestane som gikk fram til slutten av 60-talet, og har oppgjennom tida hatt veldig stor oppslutning frå bygdefolket – på det meste var det opp mot 200 deltakarar og det var heilt i grenseland for kva det var plass til i Todalen ungdomshus.  I fjor var det berre 20-30 betalande på Hjortfesta, og da er det klart at det blir vanskeleg å kome i mål økonomisk.

Komite_Hjortfest_4802

Oppgåva med å være festkomitee har gått på omghang mellom laga – ei sosial, artig og litt utfordrande oppgåve. Her er det Halle og Husby Jaktlag som er fotografert mellom grytene i Todalen Ungdomshus. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

På vegen har konseptet hatt små revideringar, men no meinar styret i Todalen Idrettslag at det er behov for ein tenkepause til neste år, slik at ein får ein grundig gjennomgang og utvikling av konseptet, og kan relansere Hjortfesta med ein ny giv til nest år.  Denne prosessen er i gang, og styret vil etter kvart presentere den «nye» Hjortfesta, men det kjem nok ikkje til å skkje før uti 2017 ein gong.

I mellomtida vil 3. dagsfesta i romjula bli arrangert på tradisjonelt vis, og vi trur ikkje at vi tek mykje feil om vi held ein knapp på at det blir julerevy i år og.  «Den Gyldne Patron» vil i år bli utdelt på 3. dagsfesta. Dette er ein godt innarbeidd hederspris som styret sjølvsag vil dele ut i år også. Dermed får ein og kvar gå i tankeboksen og gjerne kome med gode idear til revitalisering av Hjortfesta, slik at vi har noko å glede oss til i neste år.

 

Publisert: 6. november 2016, 22:54