Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sveen Auto: – Feira 3 dagar til ende……

Jon Olav Ørsal Sundag 13. november 2016

Sveen Auto har vore i det festglade hjørnet dei siste dagane.  Det har vore 70-årsdag som har stått i fokus, og dei har feira at det er 70 år sia Anders Sveen starta bilverkstad bortpå Syltøran. Den spede start skjedde i ei tyskerbrakke, og var nok primitiv i samanlikning med dagens sals- og verkstadlokaler.

sveenauto_6431

Her starta Anders Sveen i ei tyskerbrakke for 70 år sia. I dag drives Sveen Auto i nye og tidriktige lokaler på Syltøran. Foto: Jon Olav Ørsal

Sveen Auto inviterte like godt gamle og nye kundar på bacalao dei to første jubileumsdagane, og heile 70 kg bakalao har gått med i jubileumsfeiringa. Laurdag var det blaukake og kaffe på menyen, og det var mange som stakk innom denne dagen også, fortel dagleg leiar Lars Kristian Todal. Han fortel vidare at det har vore eit triveleg lag, og mange har nytta høvet til ein tur innom for å sjå på utstillingane og ikkje minst for å slå av ein hyggeleg bilprat. – Vi har til og med solgt både nye og brukte bilar under den hektiske jublieumsfeiringa, fortel Todal.

 

Publisert: 13. november 2016, 06:00