Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7069 artiklar i dette arkivet.


Spansk aften på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2016

Pakkhuset Kro minner om at dei arrangerer «spansk aften» fredag  12. august frå kl 18.30. I år som i fjor er det Siri og Frances som er kokkar, og dei tryller fram mange spanske rettar denne kvelden.  Liste for påmelding ligg ute på Makroken Todalen.


Todalshytta lørdag kveld: Nordgarden er tilbake …

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2016

Etter en sommer og vår med stadige oppdrag i Europa gjester Terje Todalen igjen, og har allerede varslet ønske om en topptur i løpet av helga. Så her ligger muligheten for en lokalkjent vandrer til å veivise. Terje har deltatt på Raus 2015 og 2016, og har bedt spesielt om å få opptre i sommer. Lørdag kveld skjer det på Todalshytta.


Vannføringa rett til værs…

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. august 2016

Vassføringen i Toåa har gått rett til værs i ettermiddag – frå beskjedne 5 m3/sek tysdag i 9-tida til rundt 40 m3/sek i 20-tida. Det har regna jamnt og trutt utover dagen, med ein topp rundt 17-tida og det ser ut som elvane som kjem lengst inn frå Trollheimen som har fått mest.


Ventar mykje regn eit par dagar

Jon Olav Ørsal Måndag 8. august 2016

Det er sendt ut OBS-varsel om mykje regn frå måndag kveld til seint tysdag kveld. Sterk vind er det også meldt, men det er mest på Sunnmøre og i Romsdal. Fram til tysdag kveld kan det i Todalen kome mellom 30 og 50 mm på 36 timar etter meldingane på yr.no.


Med 60 på Søyådalstur…

Jon Olav Ørsal Sundag 7. august 2016

Søndag samla Stangvik historielag 60 deltakarar på setervandring til Søyådalen. Turen starta på Holtasetersiå og gikk innover dalen med første stopp på Gammelsetra for orientering. Vidare innover til Midtsetra og enda til slutt på Holtasetra og Klokkargardssetra, fortel Erling Myrbostad.


Feira leikeplass med 60 på kakekalas

Jon Olav Ørsal Sundag 7. august 2016

Søndag ettermiddag feira Husby Vel i Bekkerhagan nyopning av leikeplassen sin. Den gamle leikeplassen var nedslitt og hadde behov for ei ansiktløfting. Etter 125 dugnadstimar er både leikestove, nytt gjerde, ballvegg og ny platting på plass, og søndag vanka det både kaffe, blautkake og mykje anna godt til 60 gjestar som møtte fram på opninga.


Mykje lus på laksen – men mykje smolt i Toåa

Jon Olav Ørsal Sundag 7. august 2016

Søndag fikk Lars Arild Houmb ein laks på kroken i Raudaåhølen. Det er det mange som har gjort i sommar, og det er ikkje noko spesielt med det. Men denne laksen var på 4,4 kg og var rett og slett mager. Den lange og magre laksen skulle hatt ei vekt på nærare 7 kg, dersom han hadde vore i normal kodisjon. Det var ein nygått laks – full av lus og den hadde ofattande skade både rundt gjellene og på ryggen.


Sesongslutt i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. august 2016

I helga er det siste innspurt for årets sesong i Svinviks arboret. Arboretet og kafeteriaen er ope til og med søndag 07. august og både laurdag og søndag er opningstida frå 11.00 – 16.00.  Stikk innom – alle er velkomne er oppfordringa!  


Fiberbreiband – arbeider seg innover Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Fredag 5. august 2016

I sommar har det pågått legging av fiberkabel til Brusetmarka. Det er lagt jordkabel frå Todalshytta og innover i dag er dei komne til Hengebrua før dei tek helg. Det er Rolf petter halle og Joar Inge Gjeldnes som jobbar for Svorka aksess og det legges no rør innover, der det etterkvart skal skytast fiberkabel innover etterpå.


Rosa på ball …

Jon Olav Ørsal Fredag 5. august 2016

Andreslåtten er i full gang – no også med rosa siloballar – i tillegg til gørne og kvite. Dei rosa siloballane har fått stor oppmerksomheit i sommar. Det er Felleskjøpet Agri som i samarbeid med emballasjeprodusentane Trioplast og Tama har valt å starte den rosa kreftkampanjen, fortel Anders A. Karlsen i Todalen Mjølk. Produsentane, forhandlarane og bonden yter 10 kr kvar pr rull med folie – tilsaman kr 300.000 til bryskreftsaka og ikkje minst har saka fått stor oppmerksomheit i media.


Husmorskulen – i eit historisk perspektiv

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. august 2016

Husmorskulen på Halsa er det nok mange som dreg kjensel på. Gjennom ei årrekkje er det nok mange frå Todalen og andre plassar på «indre» som har gått der, og har mange minner frå den tida. Einar Oterholm er i gang med bok om historia til husmorskulen, og søndag 7. august inviteres det til Søndagskafé i Løvik grendahus i Skålvikfjorden, der Oterholm vil presentere «historia til «Nordmøre Husmorskule».


Feirer nyoppussa leikeplass…

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. august 2016

I Bekkerhagan har Husby Vel drive storstila dugnadsarbeid med rehabilitering av leikeplassen i grenda. Alt i tre er skifta ut og dei har fått på plass ei flott utestove, sandkasse og platting. No inviterer dei både sponsorar, naboar og andre interesserte til å kome og sjå, og har open dag søndag 7. august frå kl 15.00.