Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7200 artiklar i dette arkivet.


Eit godt alternativ til toppturen…

Jon Olav Ørsal Sundag 16. april 2017

I dag har det vore sol frå blå himmel, og ypparlege forhold for toppturar. Men eit godt alternativ er det jammen å møte våren og etter kvart sommaren i bygda – og for eksempel på Tjønnmyra. – Den nye gapahuken på Tjønnmyra er populær og i dag var det stor aktivitet både i gapahuken og rundt omkring. Det var full fyr på grillen og bakelspressa gikk for fullt.


Besøk til Gudmund med sauan…

Jon Olav Ørsal Sundag 16. april 2017

Saulamminga er ofte kalla for vårens vakraste eventyr, og det er jammen med rette. Hos kårkall Gudmund Kvendset i Viastua blir eit trettitals sauer til nærare 100 dyr i løpet av ein månads tid. Eit yrande liv i smalastallen på denne tida, og som så mange andre på denne tida hadde Maja og Mali frå Rensvik invitert seg sjølve på lamming hos «Gudmund med sauan», og det var stas.



Seterrenn uten snø på Nordviksetra – oppdatert

Sverre Kjølstad Torsdag 13. april 2017

Det 89-ende Seterrennet vil gå over i historien hvor det ikke var snø for skirenn, men en kreativ komité med Ola Magne i spissen hadde lagt opp til et fullverdig arrangement uten ski på bena. Foruten 6 poster med påskequiz var det snøballkasting på blink, opplegging av ved, 40-leken, båltenning, vannbæring, tandemski og nordviksangen, til sammen 13 poster.


Sjakkturneringa snart i mål…

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. april 2017

Gruppespel og innleiande konkurransar i sjakkturnering har pågått heile etterjulsvinteren – til saman har 17 personar delteke, og kjempa om finaleplassane. No går turneringa mot slutten, og kvar av dei to gruppene har sine finalistar klare til den store gullfinalen som går i Todalen ungdomshus laurdag 22. april kl 17


Kjerringdilten går som planlagt

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. april 2017

Todalen Idrettslag inviterer til Kjerringdilten 2017 på Skihytta. Det skjer langfredag og rennet startar kl 13.00, melder hyttekomiteen. Kjerringdilten har ein lang påsketradisjon, men det såg lenge ut som snøen kom til å forsvinne før påske, men no er no skiføret berga iallfall dei næraste dagane.


Tursti langs elva – krattrydding

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. april 2017

No blir det tursti langs elva – samanhengane sti frå Halsabrua og oppover på nordsida til Trøbakkan. Det står att litt rydding, men i kveld har motorsaga gått jamt og trutt, og det har gått hardt utover småskogen. Prosjektet fortsett i morgon ettermiddag, så har du lyst har du lov….


Matkroken – opningstider i påska

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. april 2017

Før påske, fram til og med onsdag er det vanleg opningstid 9.00 – 18.00. I påska er butikken open på påskeaftan 9.30 – 15.00.  Skjærtorsdag og 2. påskedag er det kioskope 16.00 – 18.00, medan langfredag og 1. påskedag er butikken stengt.  HalsOil drivstoff selges på kortautomaten heile døgnet heile påska. Ta påskehandelen lokalt!


Kyrkja i påska

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. april 2017

Todalen sokneråd arrangerer to gudstenester i påska. Det er vanleg gudsteneste i Todalen kyrkje langfredag 14. april kl 19.30. 2. påskedag – måndag 17. april blir det friluftsgudsteneste med dåpshandling på Haugligardane kl 12.



Seterrenn med alternative aktivitetar

Jon Olav Ørsal Måndag 10. april 2017

Nordvik grendelag har lange tradisjonar for å arrangere seterrenn på Nordviksetra. Snø er imidlertid mangelvare, så det må bli alternative aktivitetar og barmarksøvingar, seier Ola Magne Nordvik som er leiar i grendelaget. Aktivitetar blir natursti med aktuelle spørsmål og konkurranse etter laginndeling. Starten er skjærtorsdag kl 12, og det er lagt opp til traktorskyss frå forsamlingshuset kl 11.


Boka om Husmorskulen – ein kulturskatt

Jon Olav Ørsal Sundag 9. april 2017

Fredag kveld var det premiere for boka om Nordmøre Husmorskule i Stornaustet på Halsanaustan.  Det er Halsa heimbygdlag som har teke initiativ til å samle historia til husmorskulen i bokform. Ein komité har samla stoff og bilde, og Einar Oterholm har ført boka i pennen – til saman 157 sider med rikt illustrert historie.