Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seterrenn med alternative aktivitetar

Jon Olav Ørsal Måndag 10. april 2017

Nordvik grendelag har lange tradisjonar for å arrangere seterrenn på Nordviksetra. Snø er imidlertid mangelvare, så det må bli alternative aktivitetar og barmarksøvingar, seier Ola Magne Nordvik som er leiar i grendelaget. Aktivitetar blir natursti med aktuelle spørsmål og konkurranse etter laginndeling. Starten er skjærtorsdag kl 12, og det er lagt opp til traktorskyss frå forsamlingshuset kl 11.

Det er snar hundre år sia tradisjonen med seterrenn starta, og det er slett ikkje første gongen at arrangøren mangla snø.  For eit par-tre år sia var det lik ens, medan det i fjor var i meste laget med snø.  Da er det eigentleg fint at ein har alternative aktivitetar på lur dei åra det er snømangel.

På Nordviksetra blir det også sal av kaffe, skuffekake og pølser –  og eit lite lynlotteri blir det også. Og arrangøren lover premie til alle deltakarane under året naturstiarrangement.  Alle er sjølvsagt velkomne til å delta i aktivitetane på Nordviksetra.   

Først publisert: 10. april 2017, 16:35 - Sist oppdatert: 13. april 2017, 23:51