Ingen feiring uten korps – veteranane stiller opp….
År etter år stiller dei opp for at vi skal få korpsmusikk til 17. mai-toget i Todalen. Vi snakkar om veteranar frå Stangvik skulekorp, som vart lagt ned for nokre år sia. No stiller dei opp og revitaliserer korpset som er forsterka med folk frå andre korps som også har lyst til å friske oppatt korpsmusikken litt.