Meir trøbbel i Falla – ras ved Kufallfossen
Søndag ettermiddag vart det oppdaga at det har rasa masse ut i elva ved Kufallfossen. Det er heilt oppå toppen av Falla, og der du har bergveggen på høgresida og rett ned i elva på vestre side av Dalavegen. Her har det rasa ein del masse ned i elva, slik at raskanten går ein halvmeter frå glidekanten på nersida av vegen.