Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På besøk til Stor-Johannes i Årlia

Jon Olav Ørsal Sundag 11. juni 2017

Stor-Johannes er rett og slett ei stor furu som voks opp i Årlia ved Merkesvaet ein plass mellom Talgø gard og Kårvatn. Vi starta turen frå Talgø gard med grunneigar Anita Talgø som guide og vegvisar, og turen gikk over brua og innover skogsvegen på nordsida av dalen. 16 historieinteresserte deltok på turen, som gikk innover heile lia og heilt til bytes med Kårvatn-eigedomen.

Her voks det altså ei stor furu som har sett merker etter seg. Denne furua slo rot alt på 1200-talet, og voks seg stor og sterk i fleire århundre. Men det er ingen ting som er forgjengeleg, og heller ikke Stor-Johannes så etter kvart vart ho til ein gadd på midten av 1700-talet etter å ha vokse fram i kanskje 500 år.  Den store furua som etter kvart vart ein gadd var observert som spikgadd på 1860-talet, og ei uvêrsnatt på rundt 1900-talet vart ho slått ned av stormen og delt i 2-3 bitar.

Vi gikk heilt til endes på skogsvegen, og Anita losa oss fram til restane av «Stor-Johannes», rundt hundre meter ovafor slutten på skogsvegen. Restane av denne storfurua ruver enno godt i terrenget, over hundre år etter at gadden gikk overende.

Ola Talgø som den gongen dreiv Talgø-garden tok mål av desse bitane som lag der.  Det er seinare rekna ut at denne furua var på heile 13,4 m3 noko som plasserer ho heilt i landstoppen. Det er også sett opp eit reknestykke som har beregna massen i den store furua til å være på heile 26,2 m3. Dette er den totale massen som fantes i den stor furu, og er altså rekna ut etter utsagn om korleis furua var.

Store dimensjonar på jettegrytene – tykkjer Marit S. Søyset og Jorunn Nordvik Foto: Dordi Jorunn Halle

Ei av jettegrytene – Berit Kårvatn, Hans Gundersen, Steffi Bohle, Anita Talgø og Sverre Kjølstad. Foto. Dordi Jorunn Halle

På returen losa Anita gjengen innom dei store jettegrytene i terrenget bortafor Ytre brua – det er jettegryter av forskjellige størrelser, der dei største har ein diameter på 20-30 meter og er sikker vorte til etter istida eller kanskje leger tilbake. Det var iallfall ein imponerande skue som deltakarane på turen fikk ta del i.

Etter at turdeltakarane var til bake på Talgø Gard, inviterte Anita på omvisning på det nyrestaurerte stabburet, som har vorte ei historisk samling eller ein slags gardsmuseum.  Her har Anita samla mykje gammelt utstyr som har vore bruka på garden oppgjennom tida, samt anne historisk materiell frå både gardsdrifta og livet til familien. Ei interessant og imponerande avslutning på ein interessant og triveleg dag.

Bildegalleri fra turen til Årlia og omvisninga på Talgø Gard.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. juni 2017, 19:42