Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Raus 2017: Du verden for ein kveld!

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juni 2017

Du verden for ein kulturkveld vi fikk i Ungdomshuset torsdag kveld.  Det var nok mange som hadde store forventningar til Raus 2017-konserten, og det er alltid stas når du oppnår å få meir enn forventa på slike arrangement.  Og arrangementet var eigentleg heilt unikt, for det er lenge mellom kvar gong du kan ta del i ei mønstring, der eit 10-tal profesjonelle underhaldarar kappast om å underhalde deg frå scena. Litt artig var det også at Jo Sverre Sande, fra Rindal,  deltok på låtskrivarseminaret  som einaste lokale deltakar.

Erik Malling er vertskap på Todalshytta – han presenterte heile gjengen som har kosa seg i Todalen den siste veka. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Eric Malling ønska velkomen og orienterte om gruppa som denne veka har delteke på eit låtskrivarseminar på Todalshytta. Han fortalte at det vi skulle få høre  eigentleg ikkje fantes – det er så nytt, at ingen har høyrt det før. Det er melodiar og tekster som er skapt medan deltakarane har delteke på seminaret.  Det var artig å høre at artistane fortalte kvar dei har henta inspirasjonen til tekstane og melodiane – enten det var på Gammelfabrikken, ved Storfossen eller ved flaggstanga på Todalshytta.  Gruppa har hatt nokre fantastiske dagar, og fått opp leve Todalen og todalsnaturen frå si absolutt beste side. På same måte har dei jobba tett saman på Todalshytta og kome godt innpå kvarandre og dermed både lært av kvarande og inspirert kvarandre.

Konserten i ungdomshuset var delt i 2 avdelinger – første avdeling var soloopptreden med kvar enkelt, der dei framførte kjente innslag frå sine produksjonar.  Etter pausen var det altså klart for verdspremiere for tekstar og melodiar produsert under seminaret – dei fleste framføringane var samarbeid og ofte på tvers av gruppa.  Stoffet dei framførte var så nytt at artistane var avhengige av både tekst og musikk på papir, men det takla dei godt, profesjonelle som dei var. Og du verden for ein kveld dette vart – det var verkeleg stas å være publikum med ein slik gjeng på scena.

Amund Maarud var kveldens kappelmeister – og ein mester på gitar fikk vi høre! Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Med erfaring frå dei tidlegare Raus-konsertane kan vi ikkje forstå at det berre var eit hundretal tilhøyrarar som hadde funne vegen til Ungdomshuset på årets Raus-konsert.  Men vi som var der fikk altså full utteljing og vel så det.  Det var heilt rørande når heile gjengen troppa fram på scena til det felles avslutningsnummeret «Every One Needs A friend» – der publikum også vart invitert til allsong. Betre kan det ikkje bli!  Amund Maarud, Bendik Brænne, Hege Øversveen, Kim Bergseth, Johanna Demker, Jeff Wasserman, Jo Sverre Sande, Bill Troiani og Tove Bøygard.

Bildegalleri frå Raus 2017 – ei sterk oppleving som det ikkje nytter å formidle med ord og bilder – det kan neppe bli betre enn konserten torsdag kveld.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. juni 2017, 11:57