Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frank var raskt ute med storlaksen, som var feittfinneklipt

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juni 2017

På tredje kastet, og berre nokre få minutt inn i den nye laksefiskesesongen fikk Frank Haugrim den første laksen på kroken.  Han hadde plassert seg i Hagan, nedafor Bruset, med fluestonga.  I løpet av eit kvarters tid var den laksen på land.  Ein flott laks på 8,5 kg, som attpåtil var feittfinneklipt og dermed den største laksen som ein med sikkerhet kan seie er gjenfangst av smolt som er sett ut i Toåa.

Klokka var knappast halv eitt i natt da det kom telefon frå Eric Malling på Todalshytta med beskjed om at årets første laks var eit faktum. Frank Haugrim er ein av gjestane på Todalshytta, og er godt kjent i med elva og laksen i Toåa. Og gleda var sjølvsagt stor når årets første laks var gjenfangst av laks som var feittfinneklipt og dermed garantert ein laks med ekte todalsgener.

Dermed kan vi konstatere at sesongen er i gang og at laksen i Toåa er bitevillig.  Etter eit godt smålaksår i fjorårets sesong så er det kanskje duka for eit godt storlaksår i år.  Dette blir spennande!

 

 

Publisert: 15. juni 2017, 07:21