Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7198 artiklar i dette arkivet.


Gamle børser bommer mest….

Jon Olav Ørsal Måndag 24. juli 2017

Ja, det får være Øystein Sundes ord, for på skytebanen i Ranheimsvingen der er det treffsikre skyttarar på standplassen. Da vi stakk innom hadde dei aller fleste gjort unna skytinga og med god resultat.  Søya og Todalen skytterlag er iallfall i full gang med skyteprøver til storviltjakta – no blir det skyting kvar måndagskveld frå kl 18 til kl 20 heilt til utangen av august.


Enda eit turtips: – Åmotan og Vangshaugen

Jon Olav Ørsal Måndag 24. juli 2017

Søndag såg ut til å bli ein grå dag – utan sol og finvêr som vi har vorte vante til dei siste dagane.  Dersom dette var havskodde, så er det sikkert fint å kome seg opp i høgda, tenkte vi og da stå valet mellom to destinasjonar – enten Fjellgardane og Vangshaugen eller Aursjøvegen. – Valet fall på Fjellgardene og dermed bar det i veg til Sunndal og oppover til Gjøra, der vi svinga av frå RV70. Til Vangshaugen er det 14 km frå krysset på Gjøra.


Dagens turtips: Nauståfossen ved Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juli 2017

Med langtidsvarsel på yr.no som lovar sumarvêr og temperaturar som ligg langt over det vi har vore vant til den siste tida, kan vi kome med ei anbefalt utflukt som kan passe for alle – nemleg til Nauståfossen ved Kårvatn. Enten du har eit lokalt utgangspunkt eller om du startar med bil så blir parkeringsplassen på Kårvatn utgangspunktet for fotturen.


Laurdag: Todalshytta inviterer til kortreist festmiddag

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juli 2017

Laurdag inviterer Todalshytta til en 3-retters festmiddag av det eksklusive slaget.  Her vil kjøkkensjefen Jan Larsen by på det ypperste av lokale og kortreiste råvarer, og vi vis vise kva potensiale hyttas kjøkken kan by sine gjestar, seier Eric Malling når han promoterer dette festmåltidet som frå no skal bli ein årleg tradisjon på Todalshytta. Han tykkjer at Todalshytta med all den gamle fiske- og jakthistorikken fortener ein eigen kveld med ein slik bankett.


Laksefisket i Toåa – midtsesongevaluering utan tiltak

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. juli 2017

Det har vore knytt stor spenning til midtsesongevalueringa av laksefisket i Toåa i år.  15. juli var vi midt i sesongen ( 15. juni – 15. august), og det er ikkje til å bortforklare at denne sesongen har vore spesiell, seier leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no.  Med eit 10-tals storlaksar alt første dag låg det an til eit kjempeår for laksefisket – men slik gikk det ikkje….


I dag: Konsert med Demker & Bretteville på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. juli 2017

Todalshytta har for lengst innleia kultursommaren med låtskrivarseminar og tilhørande RAUS-konsert. I dag er det klart for meir kultur, når Johanna Demker og Alf Bretteville held sommarens første friluftskonsert på Todalhytta.  Demker og Bretteville hadde eit omfattande samarbeid på 90-talen, men både arbeid, utdanning og familieliv gjorde at samarbeidet tok slutt den gongen – men no har dei funne tilbake igjen


Tek velfortent ferie – gode utsikter til hausten

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. juli 2017

Onsdag hadde byggdivisjonen ved Talgø MøreTre AS ferieavslutning for sine tilsette. Da vart det tid til samling på gammelfabrikken for litt informasjon og litt grillmat for heile gjengen. Divisjonssjef Svein Løvik orienterte dei tilsette om «rikets tilstand» og utsiktene for hausten. Han orienterte også om plana for utbygging av både royalanlegg og modernisering og utviding av elementfabrikken, samt modernisering og digitalisering av driftssystem/teknologi ved bedrifta.


Mykje regn – ras og tette stikkrenner i Brusetmarka – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. juli 2017

I ein flaumbekk mellom Småhjellan og Raubekken i Brusetmarka, har stikkrenna gått tett i løpet av natta.  Dermed tok vatnet vegen innover og ned i Raubekken, som fikk problem med å ta unna alt vatnet.  Det var skikkeleg regner utover natt til onsdag, og ved Småhjellan målestasjon kom det heile 27 mm nedbør frå midnatt og fram til i føremiddag, med ein topp i 2-tida.


Tapt og funnet – kniv funnen ved Ansnessaga

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. juli 2017

Ein Brusletto-kniv (OL-modell frå Lillehammer – sjå biletet) er funnen like ved Ansnessaga i dag. Dersom du har mista kniven din, kan du få han att ved å ta kontakt med Matkroken Todalen. 


Endeleg vart det nye traktorar

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juli 2017

Nye traktorar har lenge stått på ønskelista i Todalen barnehage, men no kan barnehagen melde at traktorane er på plass og at det er mange habile traktorkøyrarar i barnehagen. Dei nye traktorane er ein i raud farge og ein i grøn, men utanom farga ser dei ut til å være ganske like. – No står det berre på reiskap til traktorane, og det står kanskje rundt omkring i bygda som «tuvokse» utstyr, som barnehagen kan overta?



Offisiell opning av hagestua på sjukeheimen

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. juli 2017

På sjukeheimen har dei hatt eit prosjekt for å skape meir trivsel for bebuarane. Talgø Møretre spanderte i fjor ein flott terrasse på austsida av sjukeheimen der det var lett å ta med bebuarane ut på luftetur på ein enkel måte når vêret tilet det.  I same prosjektet høyrte også ei hagestue, der det er tak over haudet dersom det skulle kome nokre regndråpar – som det ofte gjer på disse trakter. No er alt på plass, og fredag var det offisiell opning med ei lita markering.