Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksefisket i Toåa – midtsesongevaluering utan tiltak

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. juli 2017

Det har vore knytt stor spenning til midtsesongevalueringa av laksefisket i Toåa i år.  15. juli var vi midt i sesongen ( 15. juni – 15. august), og det er ikkje til å bortforklare at denne sesongen har vore spesiell, seier leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no.  Med eit 10-tals storlaksar alt første dag låg det an til eit kjempeår for laksefisket – men slik gikk det ikkje….

Etter denne kjempemessige starten på laksefisket har det vore stille i elva dei neste vekene – det er først no den siste veka at det har livna litt til igjen. Denne tendensen har nok påvirka talet på fiskarar ein del, men Bruset meiner at det er selt bra med fiskekort i perioden. Fram til midtsesongevalueringa er det landa 32 laksar i Toåa, og desse har ei gjennomsnittsvekt på rundt 4,3 kg. Bruset fortel også at det er teke 4 laksar som er feittfinneklipt, og det utgjer 12,5% av fangsten og er ei auke samanlikna med tidlegare år. 

Elva har vore stor og kald, men det er også andre faktorar som har påvirka laksefisket i Toåa, fortel Ola Bruset. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er fylkesmannen og Miljødirektoratet som i fellesskap følgjer laksefisket, og som har sett i gang prosessen med midtsesongevaluering og måling av gytebestand i elvane. Sjølv om det var knytta stor spenning til årets måling, så vart gytebestandsmålet for Toåa nådd med glans, og det blir difor ikkje sett i verk noko spesielt tiltak for ekstra beskyttelse av villaksen eller sjøauren, fortel Bruset.

Toåa har så langt i sesongen vore stor og kald, og Bruset reknar med at dette er ein av årsakene til det dårlege fisket. Han er imidlertid tydeleg på at dette nok er eit meir samansett problem enn som så. Her spelar nok mellom anna innsiget frå havet og lusproblematikken ein vesentleg rolle.  – No ser det ut til at elva er på tur ned, og vêrforandring dei neste dagane vil no ender både på vassføring og på temperaturen i elva, seier Bruset som no ser ei lysning i laksefisket i Toåa. 

 

 

Publisert: 18. juli 2017, 15:29