Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7205 artiklar i dette arkivet.


Sommaraktivitet – dro til Todalen på besøk

Jon Olav Ørsal Fredag 6. juli 2018

Vaksenopplæringa i Surnadal driv mellom anna med språkopplæring og integrering i vinterhalvåret. Sommars tid er det delvis ferietid med typiske sommar aktivitetar og i dag var det tur til Todalen, med innlagt besøk hos ein av dei største arbeidsgjevarane i kommunen, Talgø MøreTre på føremiddagen. Dei fleste av ungdomane som deltok var frå Syria og Afghanistan, og har altså i vinter delteke i skulegang ved vaksenopplæringa i Surnadal.


Langopne onsdagskveldar i arboretet i juli.

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. juli 2018

Svinviks arboret held langope kvar onsdag i juli, fra kl.11-20. Onsdag 4. juli er det omvisning ved museumsbotanikar Katarina Wedelsbäck Bladh kl.18. Omvisning er denne kvelden inkludert i billetten til hagen. (70,-). Omvisningen varer i ca.30 minutt, og handlar både om historia til hagen og om enkeltplantar.


Lokalmat og reiseliv i praksis

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. juli 2018

Fylkesmannen i Møre og Romsdal satsar sterkt på lokalmat og reiseliv, og det har i dag gjeve seg utslag i besøk av rådgjevar Aud Lindset Drågen rundt omkring i bygda. Drågen var invitert av grendeutvalt i Todalen, og var først på ein runde rundt i bygda, og skal seinare i kveld delta på eit møte med same tema i ungdomshuset.


Onsdag: Konsertkveld og langope i arboretet.

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. juli 2018

Onsdag 11. juli inviterer Svinviks arboret til konsertkveld i arboretet. Det er radarparet Karstein Mauset og Jo Ranheim som da kjem til Svinviks arboret for å holde utekonsert i hagen. I tilfelle dårleg vêr vil konserten bli flytta inn.


Tok langtur for det gode formål

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juni 2018

Kenneth Reiss bestemte seg for å dra til Todalen på Todalsdagen i år.  Kenneth er gründer og foredragshaldar i «Aktiv for epilepsi», og bruker tida si til å dra rundt for å spre sin kunnskap om denne sjukdomen.  Kenneth veit kva han snakkar om, for han er født med epilepsi og har dermed hatt sjukdomen […]


Todalsdagen – stor festdag på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juni 2018

Laurdag var det stor aktivitet på mange frontar på Bordholmen. Det var slett ikkje berre eit trettitals fotballag og eit hundretals mosjonsløparar, men også stor aktivitet på loppemarknaden i reiskapshuset og ikkje minst eit storslått mattilbud med mange grillrettar som har vore førebudd i vekesvis.


Ræta Opp: Håvard Gjeldnes på beste tid

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juni 2018

Det var ikkje uventa at Håvard Gjeldnes kom inn på bestetid og løyperekorden 11,01 under dagens mosjonsløp Ræta Opp. Hakk i hel kom Noa Sæterbø Råen, Sindre Hyldbakk Kvande, Halvor Åsbø og Torstein Snekvik som måtte på 12-talet. Bestetid i dameklassen fikk Kristin Aasen og Jorun Nordvik som kom på 16-talet med henholdsvis 16,10 og 16,14.


Ein fantastisk fotballdag – alle har kosa seg

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juni 2018

Det går faktisk ikkje an å få betre forhold for å kose seg med fotball enn den vêrtypen vi har hatt på Bordholmen i dag. Det var knallblå himmel og sol heile dagen, men samtidig litt vintrekk – slik at det ikkje vart for varmt. I løpet av dagen har det vore 66 fotballkampar og jammen er det imponerande så sjå på alle dei dyktig fotballspelarane som har vore i aksjon i dag.


Restriksjoner for laksefisket i Toåa fra 1. juli

Jon Olav Ørsal Fredag 29. juni 2018

Det er liten vannføring som er hovedårsak til at det innføres restriksjoner på laksefisket fra 1. juli. I kveld har dei sendt ut pressemelding om at dei vil sette i verk tiltak ved at all holaks skal settes ut igjen.


Innspurt på dugnadsarbeidet – klart for Todalsdagen 2018

Jon Olav Ørsal Fredag 29. juni 2018

I kveld var ein dugnadsgjeng i arbeid med klargjering av Bordholmen til Todalsdagen som arrangerast i morgon, laurdag 30. juni. Leiar i Todalen I.L., Nils Ove Bruset, er imponert over den store dugnadsinnsatsen som har vore lagt ned den siste tida. Men no er alt klappet og klart og kl 9.00 i morgon startar arrangementet, og da går det i eitt fram til klokka nærmar seg 17 før siste finalen er unnagjort.


Program for Todalsdagen 2018

Jon Olav Ørsal Fredag 29. juni 2018

Vi har publisert mykje om det som skal skje på Todalsdagen 2018 – du har kunna lese om det her på Todalen.no, men også i andre media. No når alle brikkar er komne på plass, kan vi presentere detaljprogrammet for dagen og seie at slik blir det. Alt kl 9.00 er mannskapet på plass og 9.30 går dei første fotballkampane av stabelen. Programmet som er laga er lokalt delt ut i postkassane, men i tillegg finn du ein digital versjon her på Todalen.no, som du også kan bla i og finne oppdatert info.


Tur til Frøya med Surnadal Pensjonistlag.

Jon Olav Ørsal Fredag 29. juni 2018

Surnadal Pensjonistlag arrangerer tur til Frøya 25. – 26. juli. Det blir avgang frå Skei kl 0900 og med retur neste ettermiddag. Stenberg køyrer! Overnatting på Hotell Frøya med lunsj ved ankomst, 3-retters festmiddag, frukost og lunsj dag 2.