Enn å grise til slik på rasteplassen!!
Eit lite tips gjorde at vi tok turen til rasteplassen som ligg ved vegen i Stranda inn mot Todalen. Da vi nærma oss var ein stor flokk med måse og kråke det første vi fekk sjå, men dei letta før vi fikk kamera «skuddklart». Og det var slett ikkje vanskeleg i finne årsaka – mange kilo med fiskeavfall var tippa rett utom kanten på rasteplassen. Her er det duka til kalas både for kråker, måser og kanskje til og med havørn dersom ingen tek affære og fjernar griseriet.