Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsskriftet for 2018: Bokslepp for Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Måndag 12. november 2018

Søndag ettermiddag er det nytt bokslepp for Todalen historielag.  Da er det klart for premiere for årsskriftet for 2018, som da er klart frå trykkeriet og dermed klart for utdeling og sal. Heilt nytt denne gongen er det at boksleppet skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Medlemar i historielaget får utlevert sitt eksemplar av årsskriftet som er inkludert i medlemskapet og i tillegg legges det ut for sal frå denne dagen.

Presentasjonen av årsskriftet er med andre ord i rute, og presenteres eit par veker får advent.  Årsskriftet er nok ei kjerkomen julegåve for mange, og finns nok under mange juletre når den tida kjem.  Det har i alle fall vorte tradisjon at Todalen historielag er utgjevar av det historiske skriftet, og det er veldig viktig at historia vår blir teken vare på. Redaktør for årsskriftet 2018 har vore Dordi Jorunn Halle, som saman med historielagets styre har lagt ned mykje arbeid for å kunne presentere eit nytt årsskrift på nærare hundre sider. 

Sett av neste søndag, 18. november frå kl 14 og utover – og merk at det i år skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka!

Publisert: 12. november 2018, 08:48